Historisk arkiv

Ny forseinkingsrente frå 1. januar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

101/2005

Finansdepartementet har i forskrift fastsette forseinkingsrenta for fyrste halvår 2006. Rentesatsen skal vere 9,25 %.

Pressemelding

Nr.: 101/2005
Dato: 20.12.05
Kontaktpersonar: Tor Martin Bærum, telefon 22 24 41 34 / mobil 91 57 31 12, Erling G. Rikheim, telefon 22 24 45 46/ mobil 97 56 60 94

Ny forseinkingsrente frå 1. januar

Finansdepartementet har i forskrift fastsette forseinkingsrenta for fyrste halvår 2006. Rentesatsen skal vere 9,25 %.

Forseinkingsrenta blir fastsett kvart halvår, med verknad frå 1. januar og 1. juli. Satsen skal vere Noregs Bank si styringsrente, lagt til minst 7 prosentpoeng. Dei nemnde reglane om dette gjennomfører EØS-reglar som svarer til eit EU-direktiv om forseinka betaling.

Sjå forskrifta her

Forseinkingsrentesatsen er tilgjengeleg på Finansdepartementets heimeside

Sjå også Finansdepartementets forseinkingsrentekalkulator.