Historisk arkiv

Oppnemning til hovudstyret i Noregs Bank

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

94/2005

Regjeringa har i dag oppnemnt på nytt medlemar og personlege varamedlemar til hovudstyret i Noregs Bank for perioden 1. januar 2006 - 31. desember 2009.

Pressemelding

Nr.: 94/2005
Dato: 09.12.05
Kontaktperson: Yngvar Tveit, telefon 22 24 44 85

Oppnemning til hovudstyret i Noregs Bank

Regjeringa har i dag oppnemnt på nytt desse medlemene og personlege varamedlemer til hovudstyret i Noregs Bank for perioden 1. januar 2006 - 31. desember 2009:

Medlem: Professor Øystein Thøgersen, Bergen
Varamedlem: Førsteamanuensis Ingunn Myrtveit, Oslo

Medlem: Avdelingsdirektør Vivi Lassen, Oslo
Varamedlem: Bedriftsrådgivar Kari Broberg, Lena

Medlem: Dagleg leiar Brit Rugland, Stavanger
Varamedlem: Professor Inger Johanne Pettersen, Bodø

Øystein Thøgersen og Brit Rugland med varamedlemer blei fyrste gong oppnemnde frå 1.1.2004, medan Vivi Lassen med varamedlem blei fyrste gong oppnemnd frå 1.1.2002.

Etter dette vil hovudstyret framleis ha følgjande samansetjing (personlege varamedlemer i parentes):

Svein Gjedrem, sentralbanksjef (leiar) skikka 1.1.2005 – 31.12.2010

Jarle Bergo, visesentralbanksjef (nestleiar) skikka 8.2.2002 – 7.2.2008

Asbjørn Rødseth, Oslo (Einar Forsbak, Skedsmo) oppnemnd 1.1.2004 – 31.12.2007

Liselott Kilaas, Oslo (Per Christiansen, Tromsø) oppnemnd 1.1.2004 – 31.12.2007

Vivi Lassen, Oslo (Kari Broberg, Lena) oppnemnd 1.1.2006 – 31.12.2009

Brit Rugland, Stavanger (Inger Johanne Pettersen, Bodø) oppnemnd 1.1.2006 - 31.12.2009

Øystein Thøgersen, Bergen (Ingunn Myrtveit, Oslo) oppnemnd 1.1.2006 – 31.12.2009.