Historisk arkiv

Auka kontroll med import av piratkopiar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

93/2006

Finansdepartementet sender i dag på høyring eit forslag om endringar i tollova. Endringane vil vere eit viktig tiltak i kampen mot falske merkevarer.

Pressemelding

Nr.: 93/2006
Dato: 14.12.2006
Kontaktperson: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83,
Frank Vatne, telefon 22 24 41 31 / mobil 91 33 57 02

Auka kontroll med import av piratkopiar

Finansdepartementet sender i dag på høyring eit forslag om endringar i tollova. Endringane vil vere eit viktig tiltak i kampen mot falske merkevarer.

I forslaget om endring av tollova sin § 39, skal tollmyndigheitene kunne varsle innehavarar av immaterielle rettar, dersom det ligge føre ein grunngitt mistanke om at varer som er under innførsel krenkjer rettane deira. Samtidig blir det foreslått at tollmyndigheitene i slike tilfelle skal kunne halde varene tilbake i inntil fem dagar.

Ei slik endring vil styrke rettshavaren sine muligheiter til å handheve rettane sine gjennom å krevje mellombels rådgjerd. Dette vil difor vere eit viktig tiltak i kampen mot piratkopiar og forfalskingar. Endringa vil også ha ein samfunnsøkonomisk gunstig effekt ved at det vil styrkje kampen mot økonomisk og organisert kriminalitet.

- Innførsel av falske merkevarer til Noreg har den siste tida blitt eit stadig større problem. Det som særleg har vore framheva er at tollmyndigheitene etter dagens reglar ikkje kan varsle rettshavar, eller av eige tiltak halde tilbake varer. Det er dette vi ynskjer å rydde opp i, seier statssekretær Geir Axelsen i Finansdepartementet.

Høyringsfristen er 12. februar. Les meir om forslaget her.