Historisk arkiv

Forslag til endringar i skattelova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

95/2006

Finansdepartementet fremja i dag ein Odelstingsproposisjon om endringar i skattelova mv.

Pressemelding

Nr.: 95/2006
Dato: 15.12.2006
Kontaktperson: Stig Sollund, telefon 22 24 44 74 / mobil 91 68 53 58,
Frank Vatne, telefon 22 24 41 31 / mobil 91 33 57 02

Forslag til endringar i skattelova

Finansdepartementet fremja i dag ein Odelstingsproposisjon om endringar i skattelova mv.

Hovudsaka i proposisjonen gjeld endringar i reglane om frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditmetoden). Kreditmetoden er den framgangsmåten Noreg nyttar som hovudmetode for å avverje internasjonal dobbelt skattlegging. Av enkeltforslaga nevnast at ubenytta kreditfrådrag skal kunne framførast til frådrag i fem år, og på visse vilkår tilbakeførast til frådrag i eitt år. Vidare blir det foreslått å opprette tre kategoriar utanlandsinntekt der det skal bereknast eit separat maksimalt kreditfrådrag innanfor kvar kategori. Fleire av endringane inneber lettingar samanlikna med gjeldande reglar, og eitt forslag inneber ei innstramming. Samla antek ein at forslaga til endringar over tid vil gje eit begrensa provenytap. Endringane skal ha verknad frå 2007. Proposisjonen inneheld også eit utkast til endringar i tilhøyrande forskriftsføresegner.

Vidare foreslår Finansdepartementet nokre endringar i skattelova sine føresegner om reiarlagskatteordninga. Endringane er av teknisk/systemmessig karakter. Formålet med endringane er for det fyrste at gevinst og tap på aksjar mv. som er omfatta av fritaksmetoden ikkje skal kome til skattlegging eller frådrag for reiarlagsskatta selskap, noko som ville vere i strid med dei generelle føresetnadene for fritaksmetoden. For det andre er det eit formål at gevinst og tap på driftsmiddel i underliggjande deltakarliknande selskap ikkje skal kome til skattlegging eller frådrag ved uttreding av reiarlagskatteordninga. Dette gir likskap med ordinært skattlagde deltakarar og hindrar dobbelt skattlegging eller dobbelt frådrag for gevinst eller tap på driftsmidla. Dei foreslåtte endringane vil få verknad frå og med inntektsåret 2006.

Proposisjonen finn du her