Historisk arkiv

Kredittmeldinga 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

20/2006

Kredittmeldinga for 2005 som vart lagt fram i dag, inneheld mellom anna ei utgreiing for dei vidare utsiktene for den finansielle stabiliteten, ei vurdering av konkurransesituasjonen innanfor skadeforsikring og ei vurdering av pengepolitikken i 2005.

Pressemelding

Nr.: 20/2006
Dato: 07.04.06
Kontaktpersonar: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83, Anders Lande, telefon 22 24 41 05 / mobil 48 05 33 51

Kredittmeldinga 2005

 Kredittmeldinga for 2005som vart lagt fram i dag, inneheld mellom anna ei utgreiing for dei vidare utsiktene for den finansielle stabiliteten, ei vurdering av konkurransesituasjonen innanfor skadeforsikring og ei vurdering av pengepolitikken i 2005.

Aukande gjeldsbelastning
Utsiktene til finansiell stabilitet blir i Kredittmeldinga rekna som tilfredsstillande, sjølv om det er høg og aukande gjeldsbelastning i hushalda.

- Det er særleg dei som kom sist inn på bustadmarknaden som vil vere sårbare om renta aukar og bustadprisane skulle falle. Det er difor viktig at bankane rettleier godt om konsekvensane av ei renteauke, og at låntakarane legg inn sikkerheitsmarginar, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Den aukande gjeldsbelastning skuldast mellom anna at utlån til hushalda – som har auka mest - normalt er rekna som nokså trygge utlån for finansinstitusjonane, og at finansinstitusjonane etter fleire år meg god lønnsemd har ei god evne til å ta tap.

Hushalda si gjeldsbelastning (gjeld i prosent av disponibel inntekt) veks raskare enn inntektene, og er på om lag 170 prosent, 10 prosentpoeng høgare enn på slutten av 1980-talet. Rentebelastninga (renteutgifter i prosent av disponibel inntekt) er framleis låg (under 5 prosent), og vesentleg lågare enn på slutten av 1980-talet. Låg rente og auka bustadprisar er viktige drivkrefter bak hushalda sin låneetterspurnad, og jo raskare ein eventuell renteauke kjem, dess raskare vil gjeldsoppbygginga bli dempa.

Konkurransesituasjonen i skadeforsikring
Konkurransesituasjonen i skadeforsikring er vurdert i lys av den sterke premieveksten og dei goda resultata til skadeforsikringsselskapa i perioden 2003-2005. Det er uklart om årsaka til den spesielt høge lønnsemda i skadeforsikringsselskapa dei siste åra er at forsikringsselskapa har venta høgare erstatningsutbetalingar enn det som blei realisert, eller om konkurranseintensiteten har gått ned. Departementet konkluderar i meldinga med at ei så høg lønnsemd som ein har hatt dei siste åra ikkje kan vedvare om konkurransen fungerar, og departementet vil på dette grunnlag følgje nøye med på utviklinga i skadeforsikringsmarknaden framover.

Utøvinga av pengepolitikken
Finansdepartementet gir kvart år i Kredittmeldinga ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken året i førevegen. Dei sentrale punkt i vurderinga av utøvinga av pengepolitikken i 2005 er:

  • Prisstiginga i 2005 låg under målet som er gitt i forskrifta for pengepolitikken. Den låge inflasjonen var ikkje eit teikn på svak økonomisk utvikling.
  • Den låge renta gav sterke vekstimpulsar til norsk økonomi i fjor, og vil framleis gi vekstimpulsar til den økonomiske utviklinga. Det er venta at den høge veksten held fram. Arbeidsløysa fell raskt og nærmar seg eit nivå som i tidlegare oppgangsperiodar har gitt tiltakande lønnsvekst.
  • Pengepolitikken skal i tråd med retningslinjene vere framoverretta. I utøvinga av pengepolitikken i 2005 har Noregs Bank avvege omsynet til å bringe inflasjonen mot 2,5 prosent mot risikoen for at veksten i produksjonen etter kvart kan bli for sterk. Dette har ført til at Noregs Bank i fjor sette opp renta med til saman 0,5 prosentpoeng. Etter ei samla vurdering har Finansdepartementet ingen vesentlige merknader til Noregs Banks skjønnsutøving i pengepolitikken i 2005.