Olaug Svarva ny administrerande direktør i Folketrygdfondet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
11/2006
Pressemelding | Dato: 17.02.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Olaug Svarva (48) er i statsråd i dag utnemnd til ny administrerande direktør i Folketrygdfondet etter Rune Selmar. Svarva er utnemnd for ein periode på seks år.
Pressemelding
Nr.: 11/2006
Dato: 17.02.06
Kontaktperson: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95
21 42 83, Frank Vatne, telefon 22 24 41 31 / mobil 91 33 57 02
Olaug Svarva ny administrerande direktør i Folketrygdfondet
Olaug Svarva (48) er i statsråd i dag utnemnd til ny administrerande direktør i Folketrygdfondet etter Rune Selmar. Svarva er utnemnd for ein periode på seks år.
Svarva er no investeringsdirektør i Sparebank 1 Livsforsikring. Ho er siviløkonom og MBA frå University of Denver. Ho er òg autorisert porteføljeforvaltar frå NHH/NFF. Før ho vart investeringsdirektør i Sparebank 1 Livsforsikring, var ho tilsett i Folketrygdfondet frå 1991 til 2001, frå 1998 som investeringsdirektør. Før det var ho mellom anna finansanalytikar i DnC og Carnegie.
Svarva sit i dag som styremedlem i Oslo Børs Holding AS og bransjestyret for finans i Finansnæringas Hovudorganisasjon. Ho er òg redaktør i ”Praktisk økonomi og finans”.