Historisk arkiv

Omregistreringsavgift og meirverdiavgift ved omsetning av køyretøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

97/2006

Finansdepartementet sender i dag på høyring eit forslag om endringar i dagens omregistreringsavgift og innføring av meirverdiavgift ved omsetning mv. av køyretøy.

Pressemelding

Nr.: 97/2006
Dato: 22.12.06
Kontakt: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83, Frank Vatne, telefon 22 24 41 31 / mobil 91 33 57 02

Omregistreringsavgift og meirverdiavgift ved omsetning av køyretøy på høyring

Finansdepartementet sender i dag på høyring eit forslag om endringar i dagens omregistreringsavgift og innføring av meirverdiavgift ved omsetning mv. av køyretøy.

I hovudsak går forslaget ut på ei omlegging der gjeldande omregistreringsavgift erstattast med ei låg og flat avgift, medan meirverdiavgiftsfritaket for omsetning av brukte køyretøy fjernast. Endringa inneber at omsetning mv. av køyretøy vil følgje meirverdiavgiftsreglane, på same vis som omsetning av andre varer. Mellom anna vil avansereglane for utrekning av meirverdiavgift kunne brukast ved omsetning av brukte køyretøy frå ein vidareforhandlar. Forslaget vil få konsekvensar for ulike forskrifter som utgår av meirverdiavgiftslova.

I St.prp. nr. 1 (2006-2007) blei det vist til at departementet ville vurdere endringar av reglane for omregistreringsavgift og meirverdiavgift. Av omtalen gjekk det fram at årsaka mellom anna var at omregistreringsavgifta ofte er høgare enn det ei meirverdiavgift på avansen ved innanlands omsetning av brukte køyretøy ville ha vore. Vidare inneber omregistreringsavgifta at brukte køyretøy som er kjøpte inn til bruk i næringsverksemd står ovanfor ei fiskal skattlegging som favoriserer kjøp av nye bilar der den næringsdrivande har rett til å gjere frådrag for inngåande meirverdiavgift. Omregistreringsavgifta favoriserer dessutan kjøp av brukte køyretøy frå utlandet ved at avgifta berre gjeld for køyretøy som tidlegare er registrerte i Noreg.

Høyringsfristen er 30. mars. Les meir om forslaget her.