Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2005 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

PM 25/2006

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2005 blei 860,8 milliardar kroner, medan utgiftene blei 650,1 milliardar kroner. Det viser stortingsmeldinga om statsrekneskapen for 2005 som vart lagt fram i dag.

Pressemelding

Nr.: 25/2006
Dato: 28.04.2006
Kontaktpersonar:
Budsjett: Morten Baltzersen, telefon 22 24 43 00 / 97 78 74 86.
Makro/Statens petroleumsfond: Nina Bjerkedal, telefon 22 24 45 00 / 48 09 96 84.

Statsrekneskapen for 2005 lagt fram

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2005 blei 860,8 milliardar kroner, medan utgiftene blei 650,1 milliardar kroner. Det viser stortingsmeldinga om statsrekneskapen for 2005 som vart lagt fram i dag. Netto inntekter frå oljeverksemda blei 275,5 milliardar kroner. Det oljekorrigerte underskottet blei 64,8 milliardar kroner.

Dette er 5,8 milliardar kroner mindre enn anslaget i nysalderinga i desember 2005. Stortinget vedtok då at 70,6 milliardar kroner av petroleumsinntektene skulle førast til inntekt på statsbudsjettet. Statsrekneskapen er dermed gjort opp med eit overskott på 5,8 milliardar kroner. Dette kjem mellom anna av at dei faktiske skatte- og avgiftsinntektene blei 2,6 milliardar kroner høgare.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet for 2005 er berekna til 56,0 milliardar kroner. Dette inneber at meirbruken av petroleumsinntekter ut over venta realavkasting i Statens petroleumsfond var 15,5 milliardar kroner i 2005. Det strukturelle underskottet kjem fram ved at den oljekorrigerte budsjettbalansen blir korrigert for mellom anna verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale og for endringar i rekneskapstilhøve. Underskottet er 7,3 milliardar kroner lågare enn berekna i nysalderinga, og det strukturelle, oljekorrigerte underskottet er dermed redusert med 1,5 milliardar kroner meir enn det oljekorrigerte underskottet. Denne skilnaden må mellom anna sjåast i samanheng med nye berekningar på grunnlag av informasjon om utviklinga i norsk økonomi. Berekningane viser ei litt gunstigare utvikling i det underliggjande (strukturelle) nivået på skattane enn i dei faktiske skatteinntektene.

Rekneskapstala for Statens petroleumsfond (no omdøypt til Statens pensjonsfond - Utland) viser at netto inntekter frå oljeverksemda blei 275,5 milliardar kroner. Av desse blei 70,6 milliardar kroner ført tilbake til statskassa, slik Stortinget vedtok ved nysalderinga av 2005-budsjettet. Inkludert renteinntekter og utbytte på 36,9 milliardar kroner blei overskottet i Statens petroleumfond dermed 241,8 milliardar kroner. Det samla overskottet i statsrekneskapen og Statens petroleumsfond blei 247,6 milliardar kroner.

Bokført verdi av kapitalen i Statens petroleumsfond auka med 378,6 milliardar kroner, frå 1 011,5 milliardar kroner per 31.12.2004 til 1 390,1 milliardar kroner per 31.12.2005. I tillegg til overskottet på 241,8 milliardar kroner bidrog sal av Statoil-aksjar til å auke fondet med 12,5 milliardar kroner, medan netto kursgevinstar auka fondet med 124,3 milliardar kroner.

St.meld. nr. 3 (2005-2006) Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2005

Hovudtal for statsrekneskapen 2005
Tal i mill. kroner

Saldert budsjett

Nysaldert budsjett

Regnskap

1. Statsbudsjettet

Inntekter i alt

785 100

863 066

860 836

Inntekter frå petroleumsverksemda

227 677

306 072

296 991

Inntekter utan petroleumsverksemda

557 423

556 993

563 845

Utgifter i alt

654 965

650 646

650 055

Utgifter til petroleumsverksemda

23 200

23 060

21 447

Utgifter utan petroleumsverksemda

631 765

627 587

628 608

Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskott

-74 342

-70 593

-64 763

+ Overført fra Statens petroleumsfond

74 342

70 593

70 593

= Statsbudsjettet sitt overskott før lånetransaksjonar

0

0

5 830

2. Statens petroleumsfond

Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda blir overført
til Statens petroleumsfond

204 477

283 012

275 544

– Overført til statsbudsjettet

74 342

70 593

70 593

+ Renteinntekter og utbytte i fondet

39 600

40 900

36 866

= Overskott i Statens petroleumsfond

169 735

253 319

241 817

3. Samla overskott på statsbudsjettet
og Statens petroleumsfond

169 735

253 319

247 647