Historisk arkiv

Enklare for skattytarar utan endringar på sjølvmeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår at skattytarar som ikkje har endringar eller tillegg til den førehandsutfylte sjølvmeldinga, skal sleppe å levere sjølvmeldinga.

Regjeringa foreslår at skattytarar som ikkje har endringar eller tillegg til den førehandsutfylte sjølvmeldinga, skal sleppe å levere sjølvmeldinga. Det blir foreslått at endringane skal tre i kraft frå 1. januar 2008 med verknad for sjølvmelding som skal leverast for inntektsåret 2007.

- Vi har sett eksempel på at skattytarar får store problem fordi dei av ulike grunnar ikkje følgjer opp fristen for sjølvmelding, trass i at opplysningane i den førehandsutfylte sjølvmeldinga er korrekte. Vi vil no gjere det langt enklare for denne gruppa, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Forslaget om "stille aksept" inneber at skattytarar som ikkje har levert korrigert sjølvmelding innan leveringsfristen går ut, vil bli rekna som å ha godkjent innhaldet. Det vil seie at dei har levert sjølvmelding med dei opplysningane som er utfylte på førehand.

"Stille aksept" fører ikkje til nokon endring i opplysningsplikta som skattytaren har overfor likningsmyndigheitene. Skattytar vil framleis ha eit ansvar for at dei formues- og inntektsopplysningane som blir lagde til grunn i likninga er rette. Dette inneber at likningsmyndigheitene kan gje tilleggsskatt når dei finn at ein skattytar ikkje har korrigert eller har gitt urette eller ufullstendige opplysningar som har ført til eller kunne ha ført til at skatten vert sett for lågt.