Historisk arkiv

Høyring om fritak for leveringsplikta for sjølvmeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet sender i dag på høyring eit forslag om fritak frå plikta til å levere sjølvmelding for dei skattytarane som mottek ei fullstendig og korrekt førehandsutfylt sjølvmelding.

Pressemelding

Nr.: 2/2007
Dato: 09.01.2007
Kontakt: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83, Frank Vatne, telefon 22 24 41 31 / mobil 91 33 57 02

Høyring om fritak for leveringsplikta for sjølvmeldinga

Finansdepartementet sender i dag på høyring eit forslag om fritak frå plikta til å levere sjølvmelding for dei skattytarane som mottek ei fullstendig og korrekt førehandsutfylt sjølvmelding.

For inntektsåret 2005 var det om lag 3,3 millionar skattytarar som mottok førehandsutfylt sjølvmelding. Av desse hadde 55 prosent ingen endringar eller tilføyingar til dei førehandsutfylte opplysningane. Forholda ligg derfor til rette for å vurdere eit fritak frå leveringsplikta for denne skattytargruppa.

Forslaget inneber at skattytarar som etter å ha kontrollert den mottekne sjølvmeldinga, finn at den er fullstendig og korrekt utfylt, ikkje treng å levere sjølvmeldinga, verken ved retur av papirutgåva til likningskontoret eller elektronisk via telefon eller Internett. Ved å ikkje levere sjølvmeldinga med tilføyingar eller endringar innan sjølvmeldingsfristen sitt utløp, reknar ein skattytaren for å ha akseptert at dei førehandsutfylte opplysningane blir lagde til grunn ved likninga.

Ei ordning med fritak frå leveringsplikta inneber inga endring i den einskilde skattytaren si opplysningsplikt overfor likningskontoret. Den einskilde skattytaren vil framleis ha eit ansvar for at dei opplysningane som blir lagde til grunn ved likninga er riktige. Skattytarane må derfor kontrollere dei førehandsutfylte opplysningane i sjølvmeldinga slik som i dag. Det er berre leveringsplikta som fell bort når denne kontrollen viser at sjølvmeldinga er korrekt og fullstendig førehandsutfylt.

Høyringsfristen er sett til 10. april 2007.

Les meir i høyringsdokumenta.