Historisk arkiv

Høyring om meirverdiavgiftsregelverket ved innførsel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet sender i dag på høyring ein rapport frå ei arbeidsgruppe som har vurdert meirverdiavgiftsregelverket ved innførsel av varer.

Pressemelding

Nr.: 3/2007
Dato: 12.01.2007
Kontaktperson: Tor Lande, telefon 22 24 42 01 / mobil 97 50 56 66, Frank Vatne,
telefon 22 24 41 31 / mobil 91 33 57 02

Høyring om meirverdiavgiftsregelverket ved innførsel

Finansdepartementet sender i dag på høyring ein rapport frå ei arbeidsgruppe som har vurdert meirverdiavgiftsregelverket ved innførsel av varer.

Stortinget bad våren 2005 Regjeringa vurdere om det vil vere ei forenkling for næringslivet og myndigheitene om meirverdiavgift på varer som blir innførde av næringsdrivande ikkje lengre skal betalast inn til toll- og avgiftsetaten når vara blir fortolla, men i staden bli tatt med i omsetningsoppgåva til skatteetaten som utgåande avgift.

For å følgje opp Stortingets anmodningsvedtak, sette Finansdepartementet ned ei intern arbeidsgruppe i oktober 2005. Gruppa leverte rapporten sin til Finansdepartementet 22. desember 2006, og departementet har avgjort at rapporten skal sendast på høyring.

Arbeidsgruppa konkluderer i rapporten sin at ei slik omlegging ikkje vil innebere ei vesentleg forenkling av meirverdiavgiftssystemet verken for næringslivet eller for myndigheitene. Den mest klare konsekvensen av ei omlegging vil vere ein likviditetsovervelting frå statskassa til dei næringsdrivande. Staten sitt provenytap vil vere om lag 200 millionar kronar per år basert på ein rentesats på tre prosent. Endringane i dei offentlege myndigheiter (toll- og avgiftsetaten og skatteetaten) sine årlege ressursbehov anslår ein vil verte marginale I tillegg blir det reist spørsmål om ei omlegging kan medføre auka unndragingsrisiko. Arbeidsgruppa har ikkje laga eigne anslag om den ressursmessige innsparinga for dei næringsdrivande, men det vert gjort målingar av dette no som ledd i Regjeringa sitt prosjekt for reduksjon av næringslivet sine administrative kostnader ved etterleving av offentlege informasjonskrav.

Høyringsfristen er satt til 12. april 2007.

Lenke til rapporten