Historisk arkiv

Pressekonferanse om budsjettet 5. oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Statsbudsjettet for 2008 blir lagt fram 5. oktober 2007. Budsjettet blir offentleggjort kl. 10.00. Finansminister Kristin Halvorsen har pressekonferanse kl. 12.30 i R4, Plenumsalen.

Statsbudsjettet for 2008 blir lagt fram 5. oktober 2007. Budsjettet blir offentleggjort kl. 10.00. Finansminister Kristin Halvorsen har pressekonferanse kl. 12.30 i R4, Plenumsalen.

Dokument blir lagt ut både i møterom 2013 i R4 og i Plenumsalen, og kan hentas frå kl. 10.00.

Kl. 10.00: Finansminister Kristin Halvorsen held finanstalen i Stortinget. Finanstalen blir overført på storskjerm i Plenumsalen, R4.

Kl. 12.30: Finansministeren held pressekonferanse i Plenumsalen, R4. Konferansen blir overført direkte over internett.

Pressestoff og budsjettdokument vil vere tilgjengeleg på internett frå klokka 10.00. Sjå eigen nettportal til statsbudsjettet.

Nettportalen vil – i tillegg til pressestoff og dokument – ha ein A til Å-oversikt over aktuelle tema, spørsmål og svar, samt ein fylkesvis oversikt over tiltak i statsbudsjettet.

Budsjettdokument i papirversjon kan ein få frå klokka 10.00 i Plenumsalen, R4. Eitt sett pr. person er hovudregelen. Føretak og publikum kan bestille dokument hos Akademika. Statlege bedrifter og organisasjonar kan vende seg til Departementenes Servicesenter (tlf.: 22 24 98 60) for fleire sett med dokument.