Presseinvitasjon frå Finansdepartementet:
Utgreiing frå Banklovkommisjonen blir overlevert finansministeren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
- Skattefavorisert individuell pensjonsordning
Pressemelding | Nr: 84/2007 | Dato: 18.12.2007
Banklovkommisjonen si utgreiing blir overlevert finansminister Kristin Halvorsen onsdag 19.desember klokka 10.00, og pressa er invitert.
Banklovkommisjonen si utgreiing blir overlevert finansminister Kristin Halvorsen onsdag 19.desember klokka 10.00, og pressa er invitert.
Finansdepartementet gav 15. mai 2007 Banklovkommisjonen i oppdrag å utgreie lovreglar om ei ny skattefavorisert individuell pensjonsordning. Etter overleveringa vil Banklovkommisjonen sin leiar, professor dr. juris Erling Selvig, orientere nærmare om utgreiinga. Overleveringa skjer på møterom 153 i Finansdepartementet, og pressa er invitert.
Av omsyn til registrering i vakta ber vi om at journalistar som skal delta møte opp seinast kl.09.55. For ytterlegare informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Signe Bunkholt Sæther, telefon 901 37 294.