Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2006 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2006 blei 994,9 milliardar kroner, medan utgiftene blei 683,5 milliardar kroner. Det viser stortingsmeldinga om statsrekneskapen for 2006 som blir lagt fram i dag. Netto inntekter frå oljeverksemda blei 355,4 milliardar kroner. Det oljekorrigerte underskottet blei 44,0 milliardar kroner.

Det oljekorrigerte underskottet i statsrekneskapen er 13,4 milliardar kroner mindre enn i  nysalderinga av budsjettet, vedtatt i desember 2006. Dette kjem mellom anna av at dei faktiske skatte- og avgiftsinntektene blei 8,6 milliardar kroner høgare og andre inntekter 2,4 milliardar kroner høgare enn berekna i nysalderinga. Utgifter til dagpengar og andre utgifter under folketrygda gjekk ned 1,1 milliardar kroner, medan andre utgifter gjekk ned med 1,5 milliardar kroner.

Stortinget vedtok under handsaminga av nysalderinga av statsbudsjettet i desember 2006 at 57,4 milliardar kroner av petroleumsinntektene skulle førast til inntekt på statsbudsjettet, tilsvarande det oljekorrigerte underskottet i nysalderinga. Når det oljekorrigerte underskottet blir 44,0 milliardar kroner i rekneskapen, er dermed statsrekneskapen gjort opp med eit overskott på 13,4 milliardar kroner.

Overskottet i Statens pensjonsfond — Utland blei 353,7 milliardar kroner. Samla overskott i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond — Utland blir med det 367,1 milliardar kroner.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet for 2006 er no berekna til 56,1 milliardar kroner, om lag på linje med 4 prosent  realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland. Dette er 6,4 milliardar kroner lågare enn berekna i nysalderinga og 9,8 milliardar kroner lågare enn i Nasjonalbudsjettet 2006. Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet kjem fram ved at den oljekorrigerte budsjettbalansen blir korrigert for mellom anna verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale og for endringar i rekneskapstilhøve.

Rekneskapstala for Statens pensjonsfond — Utland viser at netto inntekter frå oljeverksemda blei 355,4 milliardar kroner. Av desse blei 57,4 milliardar kroner ført tilbake til statskassa, slik Stortinget vedtok ved nysalderinga av 2006-budsjettet. Inkludert renteinntekter og utbytte på 55,7 milliardar kroner blei overskottet i Statens pensjonsfond — Utland dermed 353,7 milliardar kroner.

Bokført verdi av kapitalen i Statens pensjonsfond — Utland auka med 392,7 milliardar kroner, frå 1 390,1 milliardar kroner per 31.12.2005 til 1 782,8 milliardar kroner per 31.12.2006. I tillegg til overskottet på 353,7 milliardar kroner er auken på 39,0 milliardar kroner i kursgevinstar m.v.

 

Hovudtal for statsrekneskapen 2006
(Tal i mill. kroner)

Saldert
budsjett

  Nysaldert
budsjett

  Rekneskap

1. Statsbudsjettet

Inntekter i alt

933 897

989 339

994 904

Inntekter frå petroleumsverksemda

348 339

381 534

376 559

Inntekter utan petroleumsverksemda

585 558

607 805

618 344

Utgifter i alt

676 753

688 792

683 528

Utgifter til petroleumsverksemda

20 400

23 615

21 182

Utgifter utan petroleumsverksemda

656 353

665 177

662 346

= Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskott

-70 795

-57 372

-44 002

+ Overført frå Statens pensjonsfond – Utland

70 795

57 372

57 372

= Statsbudsjettet sitt overskott før lånetransaksjonar

0

0

13 370

 

2. Statens pensjonsfond – Utland

Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda blir
overført til Statens pensjonsfond – Utland

327 939

357 919

355 377

- Overført til statsbudsjettet

70 795

57 372

57 372

+ Renteinntekter og utbytte i fondet

59 300

49 000

55 709

= Overskott i Statens pensjonsfond – Utland

316 444

349 547

353 714

 

3.Samla overskott på statsbudsjettet og Statens
pensjonsfond - Utland

316 444

349 547

367 084