Nytt tiltak mot økonomisk kriminalitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
-Åpnar for innhenting av kontrollopplysningar om bruk av utanlandske betalingskort i Noreg
Pressemelding | Nr: 28/2008 | Dato: 15.05.2008
Regjeringa foreslår at likningsstyresmaktene skal få heimel til å innhente kontrollopplysningar om bruk av utanlandske betalingskort i Noreg. Det vil vere eit viktig bidrag i Regjeringas satsing på å avdekkje økonomisk kriminalitet.
Regjeringa foreslår at likningsstyresmaktene skal få heimel til å innhente kontrollopplysningar om bruk av utanlandske betalingskort i Noreg. Det vil vere eit viktig bidrag i Regjeringas satsing på å avdekkje økonomisk kriminalitet.
– Det er eit hovudmål for likningsstyresmaktene at skattar og avgifter blir korrekt fastsett, og at beløp som ikkje er oppgjevne til skattlegging vert avdekte, seier finansminister Kristin Halvorsen.
Etablering av selskap og bankkontoar i utlandet er eit tilbod som er lett tilgjengeleg og åpent for alle. Internasjonale kontrollerfaringar syner at bruk av utanlandske betalingskort som høyrer til ein bankkonto i utlandet er ein vanleg metode for å få enkel tilgang til skjulte midlar.
Ein kontrollmoglegheit som den Regjeringa no foreslår, vil kunne avdekke midlar som er plasserte i utlandet, men ikkje er oppgjevne til skattlegging. Det vil òg verte enklere å avsløre personar som reelt sett oppheld seg i Noreg og som skulle ha betalt skatt hit, men som hevdar å opphalde seg i utlandet.
Likningsstyremakter i fleire land, mellom anna Sverige og Danmark, har gjennomført kontrollprosjekt retta mot bruken av utanlandske betalingskort. Erfaringane viser at slike kontrollar er effektive verkemiddel for å avdekke formue og inntekt som er plassert i utlandet.
- Eg vonar at denne regelendringa, som gjer det mogleg med betre kontroll, vil ha ein viss preventiv effekt, seier Halvorsen.
Likningsstyresmaktene har i dag ikkje høve til å identifisere innehavar eller brukar av utanlandske betalingskort brukt i Noreg. For nasjonale betalingskort har likningsstyremaktene allereie tilgang til identiteten til kortinnehavaren gjennom den opplysnings- og oppgåveplikta som kortutskrivaren er pålagt etter likningslova.
Forslaget er nærare omtalt i Ot.prp. nr. 59 (2007-2008).