Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Pressekonferanse om etisk forvaltning av Statens Pensjonsfond - Utland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansminister Kristin Halvorsen presenterer avgjersler om etisk forvaltning av Statens pensjonsfond tysdag 9. september kl 11.


Finansminister Kristin Halvorsen presenterer avgjersler om etisk forvaltning av Statens pensjonsfond tysdag 9. september kl 11.

Avgjerslene er baserte på tilrådingar frå Etikkrådet og arbeidet Norges Bank gjer som aktive eigarar for Statens Pensjonsfond – utland.

Dørene blir opna kl. 10.45 slik at pressa kan gjere seg kjend med pressestoffet før pressekonferansen. Av omsyn til registrering i vakta ber vi om at journalistar som skal delta møter opp kl 10.40.

Stad: Finansdepartementet sitt møterom 153.

Pressekonferansen vil bli overført direkte på Finansdepartementet si nettside frå kl. 11.00. Pressestoffet blir tilgjengeleg på internett kl. 11.00.