Regjeringa vil forlengje overgangsregel i skatteordninga for reiarlag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
Pressemelding | Nr: 31/2008 | Dato: 15.05.2008
Regjeringa vil gjere det lettare å leggje verksemder som tidlegare er skatta ordinært inn i den nye skatteordninga for reiarlag. Det er difor gjort framlegg om å forlengje tidsperioden for overgangsregelen om skattlegging i samband med at selskapa vert omfatta av skatteordninga for reiarlag.

Ved omlegginga av reiarlagskatten i fjor haust vart det gitt nye reglar slik at latente skatteskyldnader i hovudregelen skal skattleggjast fullt ut når reiarlag vert omfatta av skatteordninga for reiarlag. For selskap som går inn i ordninga i 2007 eller 2008 vart det vedteke ein overgangsregel der verdsetjinga av driftsmidel, partar i deltakarlikna selskap og aksjar i NOKUS-selskap ved inngangsskattlegginga skal baserast på verdiane i rekneskapen. Dette gjer at desse selskapa handsamast på same vis som selskap som går inn i den nye ordninga frå den tidlegare ordninga.
Etter omlegginga ønskjer mange reiarlag å leggje verksemd som tidligare har vore skatta på ordinært vis inn i den nye ordninga. Samstundes har det vore uråd for mange å omorganisere verksemda tidsnok til å kome inn under overgangsregelen. Regjeringa gjer derfor framlegg om å forlenge tidsperioden for overgangsregelen, slik at òg selskap som vert omfatta av ordninga 1. januar 2009 blir inkluderte. Dette vil gjere det mogeleg å gjennomføre naudsynte omorganiseringar tidsnok.
Forslaget er omtalt nærare i Ot.prp. nr. 59 (2007-2008).