Presseinvitasjon
Utgreiing frå Kulturmomsutvalet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
- Utvidelse av momsgrunnlaget for kultur og idrett
Pressemelding | Nr: 08/2008 | Dato: 25.02.2008
Kulturmomsutvalet si utgreiing blir overlevert finansminister Kristin Halvorsen tysdag 26. februar klokka 12.30, og pressa er invitert til å kome.
Kulturmomsutvalet si utgreiing blir overlevert finansminister Kristin Halvorsen tysdag 26. februar klokka 12.30, og pressa er invitert til å kome.
Utvalet, som blei nedsett ved kgl. res. 1. desember 2006, blei bedd om å gjennomgå meirverdiavgiftsregelverket på kultur- og idrettsområdet, medrekna frivillig sektor, med sikte på å utvide avgiftsgrunnlaget og forenkle vedtaka.
Etter overleveringa vil Kulturmomsutvalet sin leiar, professor Arild Hervik, orientere nærmarere om utgreiinga, og det åpnast for spørsmål. Kulturmomsutvalet er sett saman av representantar frå kultur og idrettssektoren, frivillig sektor og offentlig forvaltning. Alle frå utvalet vil vere til stades på Litteraturhuset, mellom anna frå Frivillighet Norge, Norges Idrettsforbund, Norsk Teater- og Orkesterforening og Norske film- og tv-produsenters foreining.
Stad: Litteraturhuset, Wergelandsveien 29, møterom: Amalie
Tid: kl. 12.30
Servering: Mineralvatn og kaffe/te.