Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2008 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2008 vart 11,8 milliardar kroner. Det er 3,4 milliardar kroner meir enn i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2008.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2008 vart 11,8 milliardar kroner. Det er 3,4 milliardar kroner meir enn i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2008. Avgiftsinntektene vart noko lågare enn anslått i nysaldert budsjett som følje av lågare avgiftsinngang mot slutten av året grunna  konjunkturomslaget. Samstundes auka andre inntekter slik at dei samla inntektene vart drygt 0,1 milliardar kroner høgare enn i nysalderinga. Utgiftene vart 3,6 milliardar kroner høgare enn lagt til grunn i nysalderinga, og var i stor grad knytte til departementa sine fullmakter til å nytte meirinntekter til meirutgifter.

Under handsaminga av nysaldert budsjett i desember 2008 vedtok Stortinget den røynlege overføringa på 8,4 milliardar kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet, tilsvarande det oljekorrigerte underskotet i nysalderinga. Det oljekorrigerte underskotet vart 11,8 milliardar kroner i rekneskapen, og statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit underskot på 3,4 milliardar kroner.

Bruken av petroleumsinntekter, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2008, er no rekna til 72,2 milliardar kroner. Dette er 4,6 milliardar kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2008 og 0,5 milliardar kroner lågare enn rekna i nysalderinga. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet kjem fram ved at den oljekorrigerte budsjettbalansen mellom anna vert korrigert for verknaden av konjunkturane på utgifts- og inntektssidene i budsjettet og for endringar i rekneskapshøve.

Rekneskapstala for Statens pensjonsfond – Utland syner at netto inntekter frå oljeverksemda vart 415,9 milliardar kroner. Av desse vart 8,4 milliardar kroner ført tilbake til statskassa, slik Stortinget vedtok ved nysalderinga av 2008-budsjettet. Netto renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond – Utland vart 97,8 milliardar kroner, medan renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond – Noreg vart 5,3 milliardar kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond, etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar, vart dermed 510,6 milliardar kroner. Av dette er overskotet i Statens pensjonsfond – Utland 505,3 milliardar kroner. Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vert 507,2 milliardar kroner.

Ved utgangen av 2008 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond – Utland 2 279,6 milliardar kroner. Det er drygt 261,1 milliardar kroner meir enn ved utgangen av 2007: Overskotet auka verdien av fondet med 505,3 milliardar kroner. Realiserte tap på 102,9 milliardar kroner og urealiserte tap på 630,2 milliardar kroner reduserte verdien, medan  svekka kronekurs auka verdien av fondet målt i norske kroner med 506,2 milliardar kroner. Staten sitt kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA vart finansiert i fondet og reduserte verdien av fondet med 17,1 milliardar kroner.

Frå utgangen av 2007 til utgangen av 2008 vart kapitalen i Statens Pensjonsfond – Noreg redusert med 29,6 milliardar kroner, frå 117,3 milliardar kroner til 87,8 milliardar kroner. Endringa kjem av renteinntekter og utbyte på 5,3 milliardar kroner og 34,9 milliardar kroner i samla kurstap på aksje- og renteplasseringane.

Hovudtal frå statsrekneskapen 2008

(tal i mill. kroner)

Saldert budsjett

Nysaldert budsjett

Rekneskap

1. Statsbudsjettet

 

 

 

Inntekter i alt

1 036 759

1 182 130

1 182 631

Inntekter frå petroleumsverksemda

328 073

437 340

437 705

Inntekter utanom petroleumsverksemda

708 686

744 790

744 927

Utgifter i alt

771 404

777 601

778 563

Utgifter til petroleumsverksemda

26 300

24 441

21 839

Utgifter utanom petroleumsverksemda

745 104

753 160

756 724

Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot

-36 418

-8 370

-11 797

+ Overført frå Statens pensjonsfond – Utland

36 418

8 370

8 370

= Statsbudsjettet sitt overskot

0

0

-3 427

2. Statens pensjonsfond

 

 

 

Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda

301 773

412 899

415 866

- Overført til statsbudsjettet

36 418

8 370

8 370

+ Renteinntekter og utbyte i fondet *

78 600

84 200

103 119

= Overskot i Statens pensjonsfond

343 955

488 729

510 615

3. Samla overskot på Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

 

 

 

343 955

488 729

507 188



* For 2008 var renter og utbyte i Statens pensjonsfond – Utland 97,8 milliardar kroner og i Statens pensjonsfond – Noreg 5,3 milliardar kroner.

_________________________

Les mer:
St.meld. nr. 3 (2008-2009)