Historisk arkiv

Skatte- og avgiftsendringar i revidert budsjett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår mindre endringar i skatte- og avgiftsopplegget for 2010. Mellom anna blir det innført CO2-avgift på gass frå 1. juli 2010.

Regjeringa foreslår mindre endringar i skatte- og avgiftsopplegget for 2010. Mellom anna blir det innført CO2-avgift på gass frå 1. juli 2010.

Følgjande endringar har særskilt pressemelding:

  • Avgifta på forbrenning av avfall blir fjerna frå 1. oktober 2010.
  • Det blir innført CO2-avgift på gass frå 1. juli 2010.
  • Tang- og taretrålarar blir fritatt frå fyringsoljeavgift

Andre endringar i revidert budsjett:

  • Ei utvida avgiftsplikt på kultur- og idrettsområdet frå 1. juli 2010, sjå pressemelding av 30.04.2010 på Finansdepartementets nettsider.
  • Regjeringa foreslår, som varsla tidlegare i år, endringar i skatteordninga for reiarlag. Regjeringa tilbyr ei frivillig ordning slik at dei latente skatteskyldnadene som er opparbeidd innanfor skatteordninga for reiarlag før 2007 kan gjerast opp raskt og på ein god måte for reiarlaga. Sjå også pressemelding av 26.03.2010 på Finansdepartements nettsider. I tillegg til desse endringane, foreslår Regjeringa å stramme inn ytterlegare i forbodet mot å yte lån og stille sikkerheit. Samstundes foreslår ein å innføre eit unntak frå låneforbodet i samband med konsernbidrag, slik at det skal vere praktisk mogeleg å ta imot slike bidrag også for selskap med latente skatteskyldnader frå før 2007.
  • Regjeringa foreslår å innføre ein regel som pålegg oljeselskapa å gi likningsvesenet opplysningar om sal av gass utvunne på norsk kontinentalsokkel.

    Fram til 2002 blei alt norsk sal av tørrgass samordna gjennom Gassforhandlingsutvalet (GFU), som i hovudsak forhandla fram langsiktige kontraktar med uavhengige kjøparar. Difor kunne dei avtalte salsprisane leggjast til grunn ved skattlegginga av dei ulike selskapa. Etter avviklinga av GFU i 2002 har rettshavarane sjølve hatt ansvaret for å avsetje eigenprodusert gass. Selskapa kan dermed selje gass til nærståande selskap.

    Å vurdere om avtalte prisar mellom nærståande kan leggjast til grunn for skattlegginga er særs ressurskrevjande for likningsvesenet. For å sikre rette likningsavgjerder, er det viktig at likningsvesenet har eit breitt faktagrunnlag for vurderingane sine, som også omfattar marknadsinformasjon.

    Regjeringa meiner at gjeldande føresegner i likningslova og petroleumsskattelova ikkje gir tilstrekkeleg heimel for å hente inn relevante opplysningar om gassal systematisk, som er naudsynt for ein så god likningskontroll som ønskjeleg. Regjeringa foreslår difor ein regel i petroleumsskattelova som pålegg oljeselskap å gi likningsvesenet opplysningar om avtale- og salsvilkår for alt sal av gass utvunne på norsk kontinentalsokkel. Utfyllande reglar om innhaldet i opplysningsplikta blir fastsett i forskrift.
  • Regjeringa foreslår å oppheve retten til å levere oppgåver for meirverdiavgiftskompensasjon på papir. Lov om kompensasjon av meirverdiavgift for kommunar og fylkeskommunar mv. gir heimel til å yte kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar, fylkeskommunar og særskilte private og ideelle verksemder. For å oppnå kompensasjon må ein levere kompensasjonsoppgåver. Oppgåvene blir normalt levert elektronisk via Altinn i seks terminar. Verksemder utanom kommunar og fylkeskommunar har likevel høve til å levere éi årsoppgåve på papir. Papirinnlevering av kompensasjonsoppgåver fører til mykje meirarbeid for skatteetaten samanlikna med elektronisk innlevering. Samstundes har behovet for papirinnlevering minka betrakteleg dei seinare åra. Regjeringa foreslår difor at retten til papirlevering blir oppheva, slik at alle som har rett på kompensasjon frå no av må levere kompensasjonsoppgåve elektronisk.
  • Regjeringa foreslår endringar for å likestille attlevande sambuar i uskifte med attlevande ektefelle i uskifte når det gjeld skatt.
  • Produktavgifta for fiskerinæringa aukar med 0,2 prosentpoeng til 3,1 prosent for andre halvår i 2010.
  • Det blir gjort nokre presiseringar og opprettingar i lovteksta.

Pårekna provenyverknader av skatte- og avgiftsopplegget i Revidert nasjonalbudsjett. Negative tal betyr lette. Anslaga er rekna i høve til referansesystemet for 2010. Millionar kroner i 2010.

 

  Påløpt

  Bokført

Sluttbehandlingsavgifta

-24

-16

CO2-avgift på gass

-15

-15

Kulturmoms

80

58

Grunnavgifta på fyringsolje

-0,5

-0,5

Sum skatte- og avgiftsendringar i RNB 2010  

41

27