Historisk arkiv

Endringar i offentleggjeringa av skattelista

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår å endre reglane for offentleggjeringa av skattelista. – Informasjon om inntekts- og skattehøve er ein sentral føresetnad for samfunnsdebatten, og det er difor viktig at skattelista er offentleg. Samstundes er det viktig å styrkje personvernet og å hindre uønska kommersiell bruk av skattelista, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Regjeringa foreslår å endre reglane for offentleggjeringa av skattelista.
– Informasjon om inntekts- og skattehøve er ein sentral føresetnad for samfunnsdebatten, og det er difor viktig at skattelista er offentleg. Samstundes er det viktig å styrkje personvernet og å hindre uønska kommersiell bruk av skattelista, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Regjeringa foreslår at skattelista skal vere tilgjengeleg for publikum på Skatteetaten sine nettsider. For å hindre at nokon lastar ned heile eller delar av lista, må den som søkjer i lista logge seg på med MinId.

– Vi foreslår å løyve 11,5 millionar kroner for å sikre ei god teknisk løysning for dei som loggar seg på med MinID. Kravet om å logge seg på kan få fleire til å bruke MinID og kommunisere elektronisk med den offentlege sektoren, sier Johnsen.

Media skal framleis få ein elektronisk kopi av skattelista, og kan nytte opplysningane til journalistisk verksemd. For å få kopi av lista, må kvar redaksjon inngå ei avtale med Skattedirektoratet om ikkje å publisere heile eller deler av skattelista på Internett.

– Dette vil sikre at media framleis kan bruke skattelista til kritisk journalistikk om økonomiske tilhøve og skattesystemet, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Opplysningar om avdøde personar og personar under 18 år skal ikkje lenger vere ein del av lista. Departementet foreslår vidare å avvikle ordninga med å gjere papirlister tilgjengelege på skattekontora.

Endringane får verknad for skattelista som blir lagd ut til hausten.

Les meir om forslaget her

__________________________

Les meir:

Andre pressemeldingar:

 
Dokument: