Finansmarknadsmeldinga 2011
Eit meir robust finanssystem
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
Pressemelding | Nr: 12/2012 | Dato: 11.05.2012
– Meir solide bankar vil ha betre evne til å konkurrera om innlån på marknaden og stø opp om norsk økonomi både i gode og dårlege tider. Finanskrisa syner at soliditeten i bankane bør styrkast, seier finansminister Sigbjørn Johnsen. Finansdepartementet legg i dag fram den årlege Finansmarknadsmeldinga om utviklinga på, og reguleringa av, finansmarknaden.
– Meir solide bankar vil ha betre evne til å konkurrera om innlån på marknaden og stø opp om norsk økonomi både i gode og dårlege tider. Finanskrisa syner at soliditeten i bankane bør styrkast, seier finansminister Sigbjørn Johnsen. Finansdepartementet legg i dag fram den årlege Finansmarknadsmeldinga om utviklinga på, og reguleringa av, finansmarknaden.
– Etterverknadane av finanskrisa pregar framleis dei internasjonale finansmarknadane, og i enda større mon den realøkonomiske utviklinga i mange land. Statsfinansane er sterkt svekkja fleire stader, samstundes som millionar av menneske er kasta ut i arbeidsløyse. Uroa på finansmarknadane i 2011 har vore ei påminning om at også norsk økonomi er sårbar for det som skjer ute, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.
Finansiell stabilitet og utvikling av betre regulering
Samanbrotet i internasjonale finansmarknader hausten 2008 skapte brei internasjonal semje om at styresmaktene må leggja meir vekt på regulering og tilsyn for å tryggja finansiell stabilitet. Regelverksutviklinga i Noreg speglar no i stor mon arbeidet med nye reglar som skal gjelde heile EØS-området. I Noreg arbeider ein mellom anna med korleis ein best kan gjennomføra dei venta EU/EØS-reglane som svarar til dei såkalla Basel III-tilrådingane om styrka kapital- og likviditetskrav til bankar.
– Lærdomane frå den norske bankkrisa på 1990-talet, saman med orden i statsfinansane, medverka til at norsk økonomi vart spart for dei verste utslaga av den internasjonale finanskrisa. No må vi nytta høvet til å trekkja lærdom av finanskrisa, seier finansminister Johnsen.
Departementet legg i meldinga opp til å styrke krava til bankane sin eigenkapital –førstelineforsvaret mot bankkriser – langs fleire liner. Framdrifta i styrkinga av krava må tilpassast internasjonale avtaler og konjunkturtilhøva i norsk økonomi.
– Det kan svara seg å innføra nye kapitalkrav for bankar i Noreg no når dei økonomiske føresetnadene er gode, slik at kapitalen kan verta ein buffer i trongare tider. Det er viktig å halda fram med å nytta den nasjonale handlefridomen innanfor EØS-avtala til å sikra at vi i Noreg òg i framtida har eit regelverk som medverkar til solide bankar, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.
Makroovervaking av risikoen i finanssystemet som heilskap veks fram som eit nytt satsingsområde for å tryggja finansiell stabilitet. Finansdepartementet legg i meldinga opp til at det innførast eit såkalla motsyklisk tilleggskrav til kapital i norske bankar, som kan gjera bankane meir motstandsføre i tronge tider. Dette er i tråd med venta EU/EØS-reglar. I meldinga skisserer departementet eit nærare opplegg for makroovervakinga.
Risikoen til bankane er sterkt knytt til kva evne og vilje låntakarane deira har til å betala renter og avdrag. – Samstundes som norsk økonomi går godt, ser vi at nokre risikofaktorar veks kraftig. Korkje bustadprisane eller gjelda i hushalda har nokon gong vore så høge som no, og rentenivået er svært lågt. Om bustadprisane fell, kan tapa i bankane auka monaleg, både på bustadlån og lån til føretak. Det kan tala for særleg varsemd og for at bankane styrkar soliditeten, seier finansministeren.
Finansdepartementet har i dag òg sendt på høyring eit forslag om å styrka Bankenes sikringsfond. – Finanskrisa har vist at det er viktig med eit godt andrelineforsvar mot bankkriser, som kan stø opp om bankane om dei skulle få økonomiske vanskar, seier finansministeren.
Samfunnsansvar i finansnæringa
Det viktigaste banknæringa gjer for samfunnet, er å driva god og effektiv bankverksemd. Sparebankane har dessutan vist samfunnsansvar gjennom å gje ut delar av overskotet som gåver til ålmennyttige føremål. Gåveinstituttet har vore lovregulert sidan 1887, og omfanget av gåveutdelinga har auka dei siste ti åra. Meldinga til Stortinget inneheld ei nærare omtale av korleis sparebankar og sparebankstiftingar utøvar samfunnsansvar gjennom å dela ut gåver til ålmennyttige føremål. Sidan omfanget av gåveutdeling aukar slik, har departementet kontakta Statistisk sentralbyrå for å få offentleggjort statistikk på dette området. Finansdepartementet vil leggja til rette for at slik statistikk kan verta offentleggjort.
Utøvinga av pengepolitikken
Finansdepartementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Bank si utøving av pengepolitikken. Det ser ut til å vera brei tillit til pengepolitikken, både blant marknadsaktørar og elles.
– I utøvinga av pengepolitikken i 2011 har hovudstyret i Noregs Bank på kort til mellomlang sikt vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Etter ei samla vurdering finn departementet ikkje grunnlag for merknader til den måten Noregs Bank har utøvd pengepolitikken på i 2011, seier finansministeren.
Les meir:
- Finansmarknadsmeldinga 2011
- Pressemelding: Foreslår å styrke Bankenes sikringsfond
- Nett-TV frå pressekonferansen
- Plansjar brukt under pressekonferansen
- Høyring: avskaffelse av øvre grense for størrelsen på Bankenes sikringsfond
- Kronikk i DN: Vi må bygge krisebuffer nå
- Engelsk pressemelding: Financial Markets Report