Elektroniske skattekort
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
Pressemelding | Nr: 18/2012 | Dato: 15.05.2012
Regjeringa foreslår å innføre elektronisk skattekort. Forslaget vil forenkle distribusjonen av skattekort for arbeidsgivar, skattytar og Skatteetaten.
Regjeringa foreslår å innføre elektronisk skattekort. Forslaget vil forenkle distribusjonen av skattekort for arbeidsgivar, skattytar og Skatteetaten.
I dag får skattytarar tilsendt skattekort frå Skatteetaten, og må levere desse til arbeidsgivar. I den nye ordninga blir arbeidsgivar pliktig til å innhente skattekort elektronisk for sine arbeidstakarar, direkte frå Skatteetaten. Arbeidsgivar skal oppdatere skattekortopplysningane før kvar lønnskøyring.
I staden for å få tilsendt skattekort skal skattytar få ei skattetrekksmelding før byrjinga av inntektsåret og dersom det blir gjort endringar i løpet av året. Skattetrekksmeldinga skal innehalde opplysningar om blant anna berekna forskotstrekk, berekningsgrunnlaget og kva for arbeidsgivarar som har innhenta vedkomande skattytar sitt skattekort. Desse opplysningane vil skattytar òg få innsyn i gjennom ei elektronisk teneste.
Sjølve forskotsskattesystemet blir ikkje endra. Ordninga inneber berre endringar i måten skattekorta blir distribuert og handsama ved gjennomføring av forskotstrekk. Regjeringa foreslår at 2013 skal vere eit overgangsår kor arbeidsgivarar frivillig kan nytte den nye ordninga, og at ordninga blir obligatorisk frå og med inntektsåret 2014.
__________________
Revidert nasjonalbudsjett 2012
- Meld. St. 2 (2011–2012) Revidert nasjonalbudsjett 2012
- Prop. 111 S (2011-2012) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012
- Prop. 112 L (2011–2012) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivninga
- Prop. 114 S (2011–2012) Samtykke til at Norges Bank inngår en avtale med Det internasjonale valutafondet (IMF) om å stille nye lånemidler til disposisjon for IMFs generelle låneordninger
- Prop. 110 S (2011-2012) Kommuneproposisjonen 2013
- Nett-TV: Finansministerens pressekonferanse
- Lysark
Tallene bak figurene i Revidert nasjonalbudsjett 2012