Finansmarknadsmeldinga 2012:
Betre soliditet, men framleis utfordringar i finansnæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
Pressemelding | Nr: 14/2013 | Dato: 26.04.2013
– Låg rente, høg bustadgjeld og den internasjonale uvissa er faktorar som no påverkar utsiktene for finansiell stabilitet i Noreg. Høgare levealder gjev store utfordringar for livsforsikringsselskapa. 2012 har vore eit godt år for bankar og livselskap som no rustar seg for utfordringane framover, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.
Regjeringa legg i dag fram den årlege Finansmarknadsmeldinga om utviklinga på, og reguleringa av, finansmarknaden. – Låg rente, høg bustadgjeld og den internasjonale uvissa er faktorar som no påverkar utsiktene for finansiell stabilitet i Noreg. Høgare levealder gjev store utfordringar for livsforsikringsselskapa. 2012 har vore eit godt år for bankar og livselskap som no rustar seg for utfordringane framover, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.
Finansiell stabilitet
Stoda på internasjonale finansmarknader betra seg noko i 2012. Aksjekursane har stige, og risikopåslaga på gjeld har gått ned. I Noreg steig aksjekursane på Oslo Børs med 15 prosent. Kapitalbufferane til livsforsikringsselskapa auka i 2012, men selskapa står framleis andsynes store utfordringar knytte til høgare levealder og låge renter. Norske bankar styrkja sin soliditet i 2012 ved å henta inn kapital i marknaden og halda att delar av resultatet. Bankane har òg skaffa seg meir robust finansiering.
– Utviklinga på bustad- og kredittmarknaden påverkar utsiktene for finansiell stabilitet i Noreg. Kombinasjonen av høge bustadpriser, låge renter og ei høg gjeldsbør i hushalda er noko vi følgjer tett, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.
I Finansmarknadsmeldinga 2011 og i Nasjonalbudsjettet 2013 vart det understreka at ein må sjå tempoet i innføringa av ei styrkja finansmarknadsregulering i samanheng med den gode makroøkonomiske utviklinga vi har i Noreg. Det er viktig at norske bankar styrkjer eigenkapitalen sin no når dei økonomiske tilhøva er gode, slik at kapitalen kan verta ein buffer i trongare tider. I meldinga vert det gjort greie for korleis vi følgjer opp dette. Mellom anna står det om at Finansdepartementet 22. mars 2013 fremja lovforslag som byggjer på Basel III-anbefalingane og det oppfølgjande regelverksarbeidet i EU, jf. Prop. 96 L (2012–2013) Endringer i finansieringsvirksomhetsloven og verdipapirhandelloven (nye kapitalkrav mv).
Sårbarheit i den finansielle infrastrukturen
Finansmarknadsmeldinga 2012 inneheld ei omfattande skildring av sårbarheit i den finansielle infrastrukturen. Meldinga gjev eit oversyn over hovuddraga ved den norske infrastrukturen, sårbarheit knytt til svikt i systema, kriminalitet og trugslar utanfrå. Gjennomgangen synleggjer at finansiell stabilitet er avhengig av tilhøva på fleire felt, og at vi har vorte meir avhengige av sikre IKT-system.
– Det er viktig for alle økonomiar at transaksjonar kan gjennomførast raskt, sikkert og til låge kostnader. Systema er sårbare for teknisk svikt og trugsmål utanfrå, seier finansminister Sigbjørn Johnsen. Finansdepartementet har bede Finanstilsynet vurdera om det trengst regelverksendringar på dette feltet, til dømes nye reglar om kva for tryggingstiltak systemeigarane må ha på plass og kva for krav bankane må stetta for å kunna setja bort viktige systemleveransar til andre aktørar.
Statens finansfond
Finansdepartementet legg opp til at Statens finansfond vert avvikla i fyrste kvartal 2014. Statens finansfond vart skipa som eit mellombels tiltak i mars 2009 som ein del av Regjeringa si tiltakspakke for å bøta av for verknadane av den internasjonale finanskrisa. Målet med Finansfondet var å bidra mellombels med kjernekapital til norske bankar for å styrkja bankane og setja dei betre i stand til å halda oppe ei normal utlånsverksemd. Statens finansfond legg til grunn at fleire av bankane truleg vil løysa inn kapitalinnskota før årsskiftet 2013/2014. Det er uvisst om, og i tilfelle kor mykje, kapitalinnskot som vil stå att etter årsskiftet.
Om det står att engasjement som ikkje er innløyste ved utgangen av 2013, tek Finansdepartementet sikte på at Folketrygdfondet frå årsskiftet 2013/2014 skal forvalta desse.
Utøvinga av pengepolitikken
Finansdepartementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Bank si utøving av pengepolitikken. Forventningane til inflasjonen nokre år fram i tid ser ut til å vera godt forankra nær inflasjonsmålet. Slik tillit til inflasjonsmålet gjer det lettare for Noregs Bank å medverka til stabilitet i produksjon og sysselsetjing.
I utøvinga av pengepolitikken i 2012 har hovudstyret i Noregs Bank på kort til mellomlang sikt vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Etter ei samla vurdering finn departementet ikkje grunnlag for merknader til den måten Noregs Bank har utøvd pengepolitikken på i 2012.
______________
Les meir: