Statsrekneskapen:
Statsrekneskapen for 2012 lagt fram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Finansdepartementet
Pressemelding | Nr: 11/2013 | Dato: 26.04.2013
Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2012 vart 101 milliardar kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond auka i 2012 med 532 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.
Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2012 vart 101 milliardar kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond auka i 2012 med 532 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.
Statsrekneskapen syner at det oljekorrigerte underskotet vart 3,7 milliardar kroner mindre enn lagt til grunn i nysaldert budsjett, jf. tabell 2 og 4. Tek ein omsyn til fullmaktene departementa har til å bruka meirinntekter til auka utgifter, kjem nedgangen i underskotet av at andre utgifter vart lågare enn venta. Inntektssida medrekna skatter og avgifter frå Fastlands-Noreg vart om lag uendra.
Det oljekorrigerte underskotet vart 19 milliardar kroner lågare enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2011. Over halvparten kjem av lågare utgifter enn då lagt til grunn. På inntektssida vart skatte- og avgiftsinntektene 7 milliardar kroner høgare enn lagt til grunn. Desse vart justert opp i samband med Revidert nasjonalbudsjett og har vore om lag uendra etter det. Det vil alltid vera uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane i 2012 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik.
Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2012 no rekna til 105,1 milliardar kroner eller 3,2 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU), jf. tabell 1.
Det meste av auken i kapitalen i Statens pensjonsfond er knytt til Statens pensjonsfond utland som ved utgangen av 2012 er bokført i kapitalrekneskapen med 3825 milliardar kroner. Samla verdi av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) var 145 milliardar kroner, jf. tabell 3.
Tabell 1 Nøkkeltall 2012-budsjettet |
Saldert |
Nysaldert |
Rekneskap |
A) Oljekorrigert underskot |
120,2 |
104,6 |
100,9 |
B) Strukturelt underskot |
122,2 |
109,2 |
105,1 |
C) Forventa realavkastning (4 prosent) |
124,6 |
132,3 |
132,3 |
D) Avstand til 4 pst.-banen (B-C) |
-2,4 |
-23,1 |
-27,2 |
E) Strukturelt underskot i prosent av fondskapitalen i SPU |
3,9 |
3,3 |
3,2 |
F) Reell underliggjande utgiftsvekst (prosent) |
2,1 |
2,3 |
1,8 |
G) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar |
0,0 |
0,0 |
3,7 |
H) Overskot i Statens pensjonsfond |
345,7 |
388,7 |
406,3 |
I) Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond |
345,7 |
388,7 |
409,9 |
Tabell 2 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2012 |
Frå saldert |
Frå nysaldert |
Betring av underskotet |
19,3 |
3,7 |
Netto inntektsendringar |
8,8 |
3,3 |
Av dette: Skattar og avgifter |
7,0 |
-0,5 |
Inntekt av forvaltningsbedriftene |
0,2 |
0,3 |
Renteinntekt og utbytte utan Statoil |
-3,9 |
0,1 |
Meirinntekter som heimlar meirutgifter |
3,4 |
|
Andre inntekter under departementa |
5,6 |
0,0 |
Netto utgiftsendringer |
-10,5 |
-0,3 |
Av dette: Dagpengar |
-1,5 |
0,1 |
Renteutgifter |
-2,1 |
0,0 |
Utgifter heimla i meirinntekter |
3,4 |
|
Andre utgiftsendringer (netto) |
-6,9 |
-3,8 |
Tabell 3 Statens pensjonsfond 2012 |
Statens |
Statens |
Samla |
Netto kontantstraum frå petroleum |
395,5 |
||
Overført til statsbudsjettet |
104,6 |
||
Renter og utbytte i fondet |
109,7 |
5,7 |
|
Overskot |
400,6 |
5,7 |
406,2 |
Kapital per 1.1.2012 |
3 307,9 |
129,5 |
3 437,4 |
Overskot |
400,6 |
5,7 |
|
Valutakursregulering |
-219,6 |
- |
|
Realiserte/urealiserte vinstar/tap |
335,6 |
10,0 |
|
Kapital per 31.12.2012 |
3 824,5 |
145,1 |
3 969,6 |
Endring i samla verdi på fondskapitalen |
516,6 |
15,6 |
532,2 |
Tabell 4 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett |
Saldert budsjett |
Nysaldert budsjett |
Rekneskap 2012 |
|
1. |
Statsbudsjettet |
|
|
|
A |
Inntekter i alt |
1 237 501 |
1 276 789 |
1 290 729 |
A.1 |
Inntekter frå petroleumsverksemda |
376 693 |
410 492 |
421 093 |
A.2 |
Inntekter utanom petroleumsverksemda |
860 808 |
866 297 |
869 636 |
B |
Utgifter i alt |
1 006 058 |
996 849 |
996 144 |
B.1 |
Utgifter til petroleumsverksemda |
25 002 |
26 002 |
25 610 |
B.2 |
Utgifter utanom petroleumsverksemda |
981 055 |
970 847 |
970 534 |
|
Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2) |
-120 247 |
-104 550 |
-100 898 |
+ |
Overført frå Statens pensjonsfond utland |
120 247 |
104 550 |
104 550 |
= |
Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar |
0 |
0 |
3 652 |
2. |
Statens pensjonsfond |
|
|
|
|
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland |
351 691 |
384 490 |
395 483 |
- |
Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet |
120 247 |
104 550 |
104 550 |
+ |
Renteinntekter og utbyte i fondet |
114 300 |
108 800 |
115 307 |
= |
Overskot i Statens pensjonsfond |
345 743 |
388 739 |
406 240 |
3. |
Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond Samla overskot |
345 743 |
388 739 |
409 892 |