Historisk arkiv

Svar på spørsmål fra Finanskomiteen til Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Finansdepartementet

Forslaget til ny § 2-3 i lov om innskotspensjon

Stortingets finanskomité
Reidar Sandal
Stortinget
0026 OSLO

Dykkar ref

Vår ref

Dato

sal

06/2942

02.06.2006

Svar på spørsmål til Ot.prp. nr. 77 (2005-2006) – forslaget til ny § 2-3 i lov om innskotspensjon

Det vises til brev fra Stortingets finanskomité av 1. juni 2006 om ovennevnte.

Spørsmål:
"Stortinget vedtok i desember i fjor at ein person som både er eigar av og einaste tilsette i eit aksjeselskap kan ha innskotspensjonsordning etter lov om innskotspensjon. Under behandlinga i Stortinget ba komiteen om ei vurdering av om grensa for slik pensjonsparing kunne bli auka til 4 prosent av inntekta mellom 1 og 12 G. Regjeringa har i Ot.prp. nr. 77 (2005-2006) lagt fram forslag om å endre innskotspensjonslova § 2-3 andre ledd for å gi sjølvstendige næringsdrivande ei slik utvida grense for pensjonsparing med skattefavorisering.

Slik forslaget til ny § 2-3 i lov om innskotspensjon er utforma, ser det likevel ut til at aksjeselskap med ein tilsett som også er eigar ikkje lenger skal ha høve til å opprette innskotspensjonsordning.

Eg ber om å få opplyst om ei slik endring er tilsikta, og om forslag til korleis lovteksten kan vere utforma dersom ein ikkje skal utelate denne type sjølvstendige næringsdrivande frå slik skattefavorisert sparing til pensjon."

Svar:
Ot.prp. nr. 77 (2005-2006) inneheld forslag om å utvide grensa for høve til skattefavorisert sparing til pensjon for sjølvstendige næringsdrivande. Dette er meint å omfatte alle sjølvstendige næringsdrivande, og ein person som både er eigar av og einaste tilsette i et aksjeselskap. Teksten i forslaget til endring av lov om innskuddspensjon § 2-3 andre ledd er utforma på ein måte som, utilsikta, ser ut til å utelukke næringsdrivande som driv med denne form for organisering.

For å rette opp dette kan § 2-3 andre ledd til eksempel gis slik utforming:

”Et foretak som ikke omfattes av første ledd kan opprette pensjonsordning for selvstendig næringsdrivende, for personlig deltaker i deltakerlignet selskap eller for ansatt eier av aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Årlig innskudd til ordning som nevnt i foregående punktum kan ikke overstige 4 prosent av vedkommende persons samlede beregnede person­inntekt fra næringsvirksomhet mellom 1 og 12 G eller lønn mellom 1 og 12 G. Dersom et foretak som nevnt i første punktum oppretter pensjonsordning, gjelder bestemmelsene i kapittel 4 om medlemskap for arbeidstakere og i kapittel 5 om innskudd for arbeidstakere tilsvarende så langt de passer.”

Med helsing

Kristin Halvorsen