Historisk arkiv

Bilavgifter for miljøet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Statssekretær Geir Axelsen (Ap), Vest-Telemark Blad

Bilavgifter for miljøet

Av Geir Axelsen, statssekretær i Finansdepartementet

Leiaren i Vest-Telemark Blad den 20. januar er dessverre ikkje oppklarande i omtalen av Regjeringa sine endringar i bilavgiftene.

Eingongsavgifta er endra frå i år og Regjeringa har på same tid varsla ei miljøomlegging av årsavgifta frå 2008. Eingongsavgifta for dei bilane som slepp ut minst Co2 går ned, og dermed skal også prisen på bilane ut til kundane reduserast. Det vert på denne måten lett å velje rett for bilkjøparen.

Dei bilane som forureinar mest vil få auka årsavgifta frå 2008, men det er ikkje snakk om ei samla stor auke i inntektene til Staten Det vi gjer er å endre på fordelinga i avgifta mellom dei forureinande og miljøvennlege bilane. Har du ein bil som forureinar mykje, må du rekne med å betale meir enn du gjer i dag. Utforminga av avgifta må sjølvsagt balanserast opp mot sosiale omsyn, og ingen skal få for store endringar over natta.

Omlegginga vil føre til lågare utslepp av klimagassar og er ein viktig del av den største miljøomlegginga av bilavgiftene i nyare tid. Regjeringa har fått støtte til endringane av miljøorganisasjonar, NAF og fleirtalet på Stortinget.

Leiaren peikar også på det manglande samsvaret mellom inntektene frå særavgiftene og vegstandarden rundt om i landet. Det er ikkje slik at særavgiftsinntektene frå bilparken skal øyremerkast vegformål. Særavgiftene skal skaffe staten inntekter for å løyse viktige felles oppgåver som skule, helse og eldreomsorg. Når det er sagt, så har Regjeringa stått bak rekordstore overføringar til vegsektoren og kommunane i denne perioden.

Det vert også vist til at auka vrakpant kan føre til fornying av bilparken. Då dette vart gjort i 1996, kosta det Staten om lag ein milliard kroner, og snittalderen på bilane gjekk ned med eit halvt år. Då ein evaluerte tiltaket vart det rekna som ulønsamt i høve til resultatet. Innføringa av EU-kontrollen har synt seg meir effektiv når det gjeld å få forureinande og farlege bilar ut av trafikken. Det at det no er ein slik kontrollfunksjon, talar for at effekten av ei ny heving av vrakpanten vil verte marginal.

Regjeringa balanserer fleire omsyn i utforminga av bilavgiftene og tek viktige steg både for å få redusert utslepp av klimagassar og forureining lokalt.

Publisert 06.02.07