Eigedomsskatt for kraftverk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
Lesarbrev i Laagendalsposten
Tale/innlegg | Dato: 27.04.2011
Forslaget om endringar i regelverket for eigedomsskatt for kraftverk inneber at vertskommunane, alt anna likt, framover vil få ein større del av inntektene frå kraftsektoren, skriv statssekretær Kjetil Lund i eit lesarbrev.
Fredag før påske sende Finansdepartementet på høyring eit forslag om endringar i regelverket for eigedomsskatt for kraftverk. Forslaget går ut på å justere dei såkalla maksimums- og minimumsgrensene slik at grunnlaget for eigedomsskatt aukar. Forslaget inneber at vertskommunane, alt anna likt, framover vil få ein større del av inntektene frå kraftsektoren.
Med dagens regelverk har dei fleste kraftverk nå nådd maksimumsgrensa for eigedomsskattegrunnlaget. Dette blir av mange vertskommunar opplevd som urimeleg, fordi inntektsauken ved auka kraftpris då utelukkande kjem kraftselskapa og eigarane deira til gode. Landssamanslutninga av Vassdragskommunar har argumentert for at maksimumsgrensa bør opphevast.
Denne saka har fleire sider. Ei av dei er at det dreier seg om mykje pengar. Om regelverket hadde blitt avvikla i dag, ville vertskommunane samla fått auka inntektene sine i strøket 3 milliarder kroner. I underkant av 200 kommunar hadde isolert sett fått auka inntekter ved ei avvikling. Men over ein tredjepart av inntektsauken ville gått til berre ti kommunar. Dette er kommunar som frå før har inntekter langt over landsgjennomsnittet. Slik sett har denne saka også fordelingsmessige sider.
Ved ei avvikling av regelverket hadde på den andre sida eigarkommunane (og eigar fylkeskommunane) fått redusert sine utbytteinntekter. I tillegg hadde statskassen fått redusert sine inntekter med i størrelse 2 ¼ milliarder kroner. Dette er pengar som i dag bidrar til velferd til alle landets innbyggarar.
Vi foreslår ikkje å avvikle dagens regelverk. Vi foreslår likevel å justere maksimums- og minimumsgrensene i åra framover, slik at vertskommunane får noko meir av verdiskapinga frå kraftverka. Maksimumsgrensa har stått uendra siden ho blei innført i 2004. Vi skal ha respekt for at det blir opplevd som urimeleg.
Dei forstandige løysingane i politikken ligg sjeldan i at nokre får det heilt som dei vil, og andre ingenting. Og det er sjeldan slik at nokon har heilt rett, meden andre tek heilt feil. Heller ikkje i denne saka. Eg voner og trur at vi, med forslaget om å justere grensene framover, har lukkast med å finne ei løysing som i rimeleg grad respekterer og kjem i møte alle partane i denne saka.