Historisk arkiv

Ikkje grunnlovsstridig

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Aftenposten

– I Aftenposten 24. februar vert det hevda at norsk deltaking i den nyoppretta tilsynsstrukturen i EU vil innebera grunnlovsstridig overføring av makt og mynde til overnasjonale organ. Dette er ikkje korrekt, skriv statssekretær Morten Søberg.

I Aftenposten 24. februar vert det hevda at norsk deltaking i den nyoppretta tilsynsstrukturen i EU vil innebera grunnlovsstridig overføring av makt og mynde til overnasjonale organ. Dette er ikkje korrekt. Norske styresmakter vil, utan omsyn til korleis dette  vert løyst i forhold til EU, sikra at Noreg ikkje gjev frå seg suverenitet til dei nye organa. Dette har heile tida lege til grunn for det norske påverknadsarbeidet andsynes EU i denne saka.

Den nye europeiske tilsynsstrukturen tredde i kraft i EU frå 1. januar 2011. Den nye strukturen inneber mellom anna skiping av tre nye tilsynsbyrå for høvesvis bank, verdipapir og forsikring og pensjon. Dei nye byråa skal føra vidare verksemda til forgjengarane sine – dei såkalla ”rådgjevande nivå tre-komiteane”. I tillegg har byråa utvida fullmakter til, på einskilde avgrensa område, å gjera vedtak som er bindande for nasjonale tilsynsstyresmakter og enkeltinstitusjonar.

Noreg har arbeidt aktivt for å oppnå ei best mogleg deltaking i dei nye byråa. Arbeidet har gjeve gode resultat i form av ein ordinær observatørstatus. Frå norsk side har det heile tida vore ein føresetnad at Noreg ikkje skal vera bunde av dei vedtaka som byråa måtte gjera. Basert på dei samtalene ein har hatt med EU-kommisjonen, er det ingen ting som tyder på at EU har eit anna syn på dette enn Noreg.

Poenget i eit nøtteskal: Ifylgje Grunnlova skal overføring av makt og mynde til overnasjonale organ – på avgrensa område – vedtakast i Stortinget med minst tre fjerdedels fleirtal. Dette – denne vedtaksprosedyren – er etter alle solemerke ikkje relevant i denne samanhengen: Regjeringa skal sjå til, og Regjeringa vil syta for, at Noreg ikkje overfører nasjonal suverenitet til dei nye EU-organa.