Historisk arkiv

Kor mykje skatt betaler vi?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Dag og Tid

Direkte skattar (trygdeavgift, skatt på alminneleg inntekt, toppskatt og formuesskatt) utgjer i gjennomsnitt 24,9 prosent av bruttoinntekta (medrekna skattefrie ytingar) for alle nordmenn over 17 år, skriv statssekretær Roger Schjerva (SV).

I Dag og Tid 4. februar 2011 vert professor Frederik Zimmer intervjua om skattenivået i Noreg. Bakgrunnen for intervjuet er debatten etter at Siv Jensen i intervju med internasjonale media har hevda at ein vanleg nordmann betaler mellom 70 og 75 prosent av inntekta i skattar og avgifter.

Dersom ein ønskjer å sjå på skatte- og avgiftsbelastninga, og korleis ho fordeler seg mellom ulike grupper, må ein for det første ta utgangspunkt i gjennomsnittsskatten. I eit progressivt skattesystem, som det norske, vil gjennomsnittsskatten vere lågare enn marginalskatten. Det vert derfor direkte feil når Siv Jensen bruker anslag på kor mykje som vert betalt i skattar og avgifter på den siste opptente krona, dersom ho vert brukt til å kjøpe ei bestemt vare eller teneste, som eit uttrykk for skattebelastninga for norske hushald. For det andre må ein ta utgangspunkt i eit representativt forbruksmønster for den aktuelle gruppa, og berekne ei gjennomsnittleg skatte- og avgiftsbelastning ut frå det.

Ein må også ta stilling til kva skattar og avgifter som skal reknast med, og kva som er det relevante inntektsomgrepet. Finansdepartementet presenterer i kvart statsbudsjett fordelingsverknadene av skatte- og avgiftsopplegget. I berekningane tar Finansdepartementet med trygdeavgift, skatt på alminneleg inntekt for personar, toppskatt, meirverdiavgift og særavgifter. Arbeidsgjevaravgifta er ikkje inkludert fordi det er ein skatt på lønnskostnadene til bedriftene, som vert skriven ut på arbeidsgjevaren. Dersom ein er opptatt av skattekilen, dvs. forskjellen mellom det arbeidsgjevar betaler og det arbeidarane får i lønn, er det  meir rimeleg å inkludere arbeidsgjevaravgifta. Men då må ein òg ta med denne avgifta som ei inntekt for hushalda. Dette er eit inntektsomgrep dei færraste vil kjenne seg igjen i.

Zimmer seier at ”Arbeidsgjevaravgifta vert skriven ut på arbeidsgjevaren, men vi kan gå ut frå at delar av denne avgifta vert velta over på arbeidstakaren i form av lågare løn.” Han har heilt rett i dette, men det gjeld alle skattar og avgiftar. Til dømes vert trygdeavgift, skatt på alminneleg inntekt for personar og toppskatt skriven ut på arbeidstakaren, men vi kan gå ut frå at delar av desse skattane vert velta over på arbeidsgjevaren i form av høgare lønn. Det vert derfor ei ubalansert framstilling når Zimmer argumenterer for at delar av arbeidsgjevaravgifta vert velta over på arbeidstakaren, utan at han samstundes tek omsyn til at delar av trygdeavgifta, skatten på alminneleg inntekt for personar og toppskatten vert velta over på arbeidsgjevaren.

Zimmer avrundar med å hevde at ”om ein berre ser på skatten for arbeidsinntekt, kjem ein kanskje på rundt 30 prosent, men reknar ein med alle avgiftene og på folk som ikkje sparer, kjem ein nok opp mot 70 prosent”. Ein framståande professor i skatterett burde vere meir edrueleg i handsaming av skattestatistikk.

Direkte skattar (trygdeavgift, skatt på alminneleg inntekt, toppskatt og formuesskatt) utgjer i gjennomsnitt 24,9 prosent av bruttoinntekta (medrekna skattefrie ytingar) for alle nordmenn over 17 år. Prosenten varierer over inntektsfordelinga. For personar med ei bruttoinntekt mellom 300 og 350 tusen kroner utgjer dei direkte skattane i gjennomsnitt 20,3 prosent av bruttoinntekta, mens for personar med ein bruttoinntekt mellom 500 og 600 tusen kroner utgjer dei direkte skattane i gjennomsnitt 26,5 prosent av bruttoinntekta.

Dersom ein inkluderer meirverdiavgift og særavgifter i analysen, finn ein at direkte skattar og avgifter i gjennomsnitt utgjer om lag 38 prosent av bruttoinntekta til hushalda. Her er det òg variasjonar over inntektsfordelinga. For dei 10 prosentane av hushalda med lågast bruttoinntekt, utgjer skattar og avgifter i gjennomsnitt om lag 22 prosent av bruttoinntekta, mens for dei 10 prosentane av hushalda med høgast bruttoinntekt, utgjer skattar og avgifter i gjennomsnitt om lag 46 prosent av bruttoinntekta. Dette er langt lågare enn Zimmers anslag på opp mot 70 prosent.