Historisk arkiv

Til Dovre fell: Finansdepartementets demokratiske logikk og funksjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innleiing på Hegra-seminaret den 22. september

Rom vart ikkje bygt på ein dag. Det same kan seiast om folkestyret. Det tek tida å etablera institusjonar, logikkar og funksjonar som ligg til grunn for – og stør oppunder – eit konstitusjonelt demokrati, sa statssekretær Morten Søberg.

I. Forpostfektingar
Aller fyrst: takk for innbyding til seminar nord for Dovre på Hegra festning. Det er lenge sidan eg har vore her; mest sannsynleg kring 30 år. Då var eg med klassen min frå Berg skole i Trondheim hit på omvisning og synfaring. Eg har to minne frå den turen. For det fyrste at nordmennene her i 1940 lenge gjorde motstand mot alle odds. Dinest minnest eg at festninga på sett og vis var ”feilkonstruert”. I alle fall peika kanonane austover, mot Sverige. Men som kjent kom fienden denne gongen oppover dalen frå vest.

Til dette kan ein seia at det ikkje alltid er lett å vera festning. Tidene kan endra seg; tida kan gå frå festninga: undergrava den tenkte meininga med den. Og militært sett er norske festningar i dag langt på veg meiningslause. Like fullt gjev ordet festning opphav til ei rad sjølvinnlysande hugsviv. For det fyrste tenkjer eg at både lek og lærd tolkar det i retning av eitkvart solid, noko fast. For det andre leier ordet festning tankane til det motsette av aggresjon og åtak, nemleg vern og tryggleik.

Historisk sett var festningane meint å vera faste punkt i terrenget som skulle verja og hegna om både land, folk og ikkje minst folkestyret. Det siste er gjenstand for ny debatt i dag: meininga med Hegra-seminaret er å drøfta føresetnadene for folkestyret i “massekommunikasjonens tidsalder”. Fyrsteinntrykket mitt av innbydinga hit var ei førestelling – frå tilskiparane si side – om at tidene skifter til meins for folkestyret. Eitt talande døme: “Mens vi i Norge knapt diskuterer demokratiet og tar det mer eller mindre for gitt, forvitrer sentrale institusjoner som det moderne demokratiet hviler på”. Festningane er under åtak!

Vel, dagens tema er i sanning vidt, breitt og djupt. – Eit manneliv strekk ikkje til, for å seia det med Olav H. Hauge. Så det gjeld å avgrensa seg, ikkje ri for mange hestar. Difor har eg valt meg Finansdepartementet som arbeidshest: Eg skal bruka den institusjonen – både historisk og personleg – for å tenkja høgt kring nokre av dei viktigaste festningsverka i folkestyret, nemleg kritikk og stabilitet. Ikkje minst skal eg freista argumentera for at Finansdepartementets logikk og funksjon (mellom anna) handlar om nett det: stabil kritikk.

II. Offentlegheitas grammatikk
Kjartan Fløgstad har skrive at gjeld å vera på høgd med sine omgrep. Det er ikkje alltid like lett. Kva med omgrepet ´folkestyre´? Eg for min del tenkjer at det – når alt kjem til alt – kokar ned til språk. Folkestyre er eit språkleg fenomen. Det ovrar seg i form av tale og skrift. Innleiingar og replikkar, innstillingar og vedtak.

Apropos språk: Det høyrer med til soga at Ivar Aasen kom hit – til Hegra – den 4. august 1856. I dagboka si skreiv han om den dagen fylgjande: “En Udflugt op i Landet. Med Skyds til Hegre. Inde hos Frick og længe hos Bjørgum. Talt med Vaage. Seent om Kvelden tilbage til Sandferhuus tilfods.”

Det var alt. Men eit folkestyre krev meir av språkbruk enn private nedteikningar: Det krev ei levande offentlegheit. Kva meiner vi med omgrepet offentlegheit? Jo, ein sfære for kommunikasjon og meiningsutveksling. Slik sett utgjer offentlegheita ein viktig del av folkestyrets infrastruktur.

Denne infrastrukturen skifter og endrar seg over tid. I og med spesielt sosiale medium kan det vera seg om endringstakta har auka òg. Kan henda ser vi òg omrisset av eit utvikling der privatsfære og offentlegsfære flyt eller smeltar saman.

Det får så vera. Det sentrale er derimot det ideelle, nemleg dette: Eit folkestyre krev ei offentlegheit kjenneteikna av innsiktsfull og fornuftsbasert språkbruk og ordskifte. I ei opplyst offentlegheit lyt argumentets autoritet rå grunnen. Ei slik offentlegheit skal lysa opp både dilemma, problem og paradoks, og ikkje minst produsera grunnlag for semje, kompromiss og andre konklusjonar. Men då seier det seg sjølv at folkestyret er kritisk avheng av delte meiningar. Av mothegemoniske standpunkt. Av for og mot i det heile.

Språket som Aasen skapte medverka i seg sjølv til alt dette: lenge var landsmålet eit språkleg uttrykk for mothegemoniske og kritiske medvitsformer og tenkjemåtar i kraft av sin blotte eksistens. Dét er det neppe kontroversielt å meina i dag. Det lett kjettarske spørsmålet er om det same kan seiast om Finansdepartementet. Heilt presist: Medverkar Finansdepartementet til å oppretthalda ei levande offentlegheit? Tilfører Finansdepartementet offentlegheita det surstoffet som kritiske meiningar og standpunkt utgjer?

III. Kritikk. Jarn. Ljos.
Til dette er det fullt ut mogeleg – både for folk flest og andre folk – å svara både ja og nei, sjølvsagt. Eit sterkt “nei-argument” er at Finansdepartementet tvert om utøver gjennomgripande og hegemonisk definisjonsmakt. At eit bortimot sjølvrekrutterande og stabilt embetsverk i lag med skiftande poliske leiingar etablerer makt over sinna og sementerer oppfatningar i offentlegheita av kva som er – på vide og viktige samfunnsområde – fornuftig, optimalt og “naturleg” (i hermeteikn med vilje).

Eitt handfast døme kan vera handlingsregelen for innfasing av oljepengar i norsk økonomi. Den politikkregelen er eit ektefødd barn av Finansdepartementet og har på stutt tid oppnådd hegemonisk status i norsk offentlegheit. (Eg kan leggja korta på bordet: Eg for min del tenkjer at handlingsregelen er tufta på sunt bondevit. Og eg har ikkje endra meining i denne “saka” etter at eg vart utnemnd til statssekretær i Finansdepartementet.)

Attende til det motsette: kritikken og det kritikkens potensial. Dette kallar eg den finansdepartementale jarnlogikken. Den skal eg straks lysa opp, men aller fyrst ei ny omgrepsavklaring:

I si aller enklaste form handlar all politikk i eit folkestyre om val mellom status quo og reform. Utgangspunktet er alltid status quo, medan reform krev minst vanleg fleirtal i eit eller anna demokratisk forum. Djuptgripande reformer – stundom med grunnleggjande og/eller nær irreversible verknader – krev typisk høgare fleirtal. Jf. t.d. grunnlovsendringar eller avhending av nasjonal sjølvråderett til overnasjonale organisasjonar.
 
Så, vidare: Det kan tenkjast og hevdast at Finansdepartementets jarnlogikk i regelen er status quo-orientert. (Men ingen regel utan unnatak, heller ikkje denne. Både skatte- og pensjonsreformer kan nemnast i så måte.) I kvardagen kjem dette til uttrykk i form av kritiske merknader til så å seia alle framlegg til reformer som alle andre statsrådar, departement, interesseorganisasjonar og pressgrupper tek til ords for. Noko av kritikken er det eg vil kalla formalistisk: Den handlar om påvising av brot på regjeringas utgreiingsinstruks, Stortingets bevilgningsregelment og andre legitime køyrereglar og retningsliner. Noko av kritikken er fagleg – med tung og konsistent sosialøkonomisk profil og preg. Og noko av kritikken oppfattar eg som rotfest i ålmenn common sense, jf. det underliggjande og overordna målet om sunne, solide og ikkje minst berekraftige statsfinansar.

Konklusjon: Kritikk med stor K er sjølve jarnlogikken. Men det er ein indre logikk, ein intern funksjon – attom opp mot halvmetertjukke steinvegger. Er dette godt kjent i det offentlege romet? Tja, heilt sikkert eit stykke på veg. Kan henda kan denne jarnlogikken såleis samanliknast med dueungar. Vi ser dei ikkje, men vi veit at dei finst.

Kva er så meininga med all denne (langt på veg) systematiske kritikken? Kvifor alle desse spørjeteikna ved alt? Eit kort svar får duga: Innseiingane og problematiseringane legg til rette for eit – på alle vis – meir opplyst avgjerdsgrunnlag for val mellom status quo og reform. Finansdepartementet freistar sikra at det ligg delte meiningar til grunn for endeleg semje, kompromiss, vedtak.

Denne logikken og funksjonen er samtidig eit sjølvinnlysande vilkår for ei levande offentlegheit og eit livskraftig folkestyre. Over tid er det òg avgjerande at det finst “festningar” – faste, konstante institusjonar og miljø – som hegnar om denne medvitsforma, dette åtferdsmønsteret. Her kjem stikk- og nykelordet stabilitet inn i biletet.

IV. Sakte, seigt, sikkert: stabilitet
Den 30. november 1814 vart greiv Wedel Jarlsberg den fyrste norske finansministeren. Statsrådet vart derimot skipa den 19. mai det året. Det bestod av fem departement, mellom dei eitt for finanssaker og eitt for økonomisk forvaltning. (Same dagen vart forresten nemninga “regjeringssekretærar” endra til “statssekretærar”. Men det er eit sidespor.) Poenget er at Finansdepartementet – slik vi kjenner det – har vore her sidan det moderne, norske år null (0). 

Kva meir? Jo, den 20. mai, heilt på tampen av riksmøtet på Eidsvoll, heldt ein av dei 112 mennene der – admiral Jens Schow Fabricius – ein tale som skreiv historie:

“Den ærede Forsamling vil tilgive, at jeg efter min Følelse for Norges den gode Sag, icke kan tilfredsstillende forlade dette Sted, forinden jeg har opfylt mit Hiertes Trang ved at kundgjøre følgende: Denne Forsamling har som alle saadanne havt hvad man benævner med Ordet Partier, endskiønt jeg for min Deel troer dette Navn icke er anvændeligt her - jeg blev tiilig fortroelig med den Sætning: at troe got om alle Mennesker, indtil min Overbeviisning bød det modsatte - jeg var stædse glad ved ad møde retskafne Mænd paa Livets Bane - og min Glæde er meget tiltaget her - jeg har ingen Overbeviisning om at nogen af de ærede Repræsentantere har havt andet Formaal end Norges Lyksalighed og hvem har? eller kan tænke annerledes? at Meeninger om at naae dette Maal ere forskiellige ligger i Ethvert Menneskes Begreber herom - men! hvordan kunde vi vænte at blive et frit Folk, naar icke Meenings Friehed hædres?

Vi vil skilles ad som Mænd der gjensidig agte og elske hinanden - vi ville stædse blive Formaalet troe: Kongeriget Norges Lyksalighed: herfor ville vi virke - herfor ville vi døe. Jeg foreslaaer at vi besegler denne vor fælles hiertelige Meening med Nordmænds Haand-tag - i sluttet Venskabs Kiæde.”

Kva skjedde så? Jo, fortel Nicolai Wergeland: “Enhver gav sin venstre Sidemand høire og høire Sidemand venstre Haand, og i denne Stilling raabte vi: Enige og troe, indtil Dovre falder! ”

Dette samstemte ropet er altså eidsvollseiden. Ropet gav ljod til Grunnlova, til grunnlaget for folkestyret, til semje om å kunne vera usamd. Det kan på sett og vis enno høyrast, snart to hundre år etter. Det har inga datostempling. Det lever vidare i form av ekko, skrift, symbol – det har òg på sett og vis vorte fjellstøtt.

Finansdepartementet har som nemnt òg rot i riksmøtet på Eidsvoll – og eksisterer og opererer også utan punktum i sikte. Til liks med Grunnlova har det endra seg over tid. Eit stykke på veg er soga om Finansdepartementet også ein gjenklang av sosialøkonomien idéhistorie. Men gjennom hundreåra handlar både Grunnlova og Finansdepartementet om variasjonar over eit tema. Endringane fluktuerer kring konstantar.

Apropos konstantar: Dette meiner eg gjeld og held: Folkestyret er tent med eit stabilt grunnlag og stabile hjørnesteinsinstitusjonar. Stabilt i tydinga sakte, seige og sikre endringar over tid. Eit sterkt og levande folkestyre lyt vera jorda i noko fast og føreseieleg, bør vera bygt på steingrunn.

År etter år, stein på stein: Både konstitusjonen og institusjonen Finansdepartement medverkar til denne stabiliteten. Openbert i lag med ei rad andre, men som sagt: I tilfellet Finansdepartementet går den institusjonelle stabiliteten så å seia i hop med ein logikk og ein funksjon sakleg sett er eit naudsynleg vilkår for både ei meiningsfull offentlegheit og eit livskraftig folkestyre. Båe delar utgjer òg eit vern mot at Dovre fell.

V. Tid og Rom
Rom vart ikkje bygt på ein dag. Det same kan seiast om folkestyret. Det tek tida å etablera institusjonar, logikkar og funksjonar som ligg til grunn for – og stør oppunder – eit konstitusjonelt demokrati.

Samstundes heiter det at alle vegar leier til Rom. Det inneber i så fall at minst ein av dei går over Rubicon. Det gjeld i alle fall både Grunnlova og Finansdepartementet: Det er ingen veg attende, det er ikkje råd å sjå føre seg Noreg utan den teksten og den institusjonen. Det treng ingen nokon sjuande sans for å fatta, det held å vera ved sine fulle fem.

Når alt kjem til alt, slik som no, har eg dels argumentert for, delt slått fast at nett Finansdepartementet er kjenneteikna av ei stabilt kritisk tankesett og åtferdsmønster som medverkar til eit sterkt og styrkt folkestyre. Men ideelt sett bør det i offentlegheita vera både delte og kvalifiserte meiningar om dette med. Dueungane lyt vera lettare å få auga på.

Det er som kjent ikkje lett. Det bør skje langt oftare. Men det hender i alle fall av og til: Ein skarp og klår observasjon står Victor Norman for: Eit halvt etter avgangen som statsråd i Bondevik 2-regjeringa gav han ut sakprosaboka “Blue Notes”. Ho inneheld ein bolk med overskrifta “Systemet”. Der ber Norman til torgs eit anna og langt meir skeptisk syn på Finansdepartements logikk og funksjon enn det eg har gjort her i dag. Argumenta hans har større autoritet enn skot i mørkret: Dei byggjer på eigne røynsler og sjølvtenkte tankar. Den viktigaste konklusjonen hans er kan henda at Finansdepartementet har ei utbreidd frykt for auka offentlege utgifter. Dette leier igjen til eit “kortsiktig fokus” som representerer “en alvorlig hemsko for nødvendige reformer og omstilling i offentlig sektor”. Med meir.

Eg har eit anna syn enn synspunkta hans, men er samd i det som står skrive med store bokstavar mellom linene: Finansdepartementets logikk og funksjon er viktig; for viktig til å vera immunisert mot sin eigen jarnlogikk: stabil kritikk med stor K. Når det er sagt: Det seier seg sjølv – og eg seier det sjølv – at slik metakritikk av Finansdepartementet er derimot ikkje mitt kall eller bord. Eg skal tvert om straks setja eit lokalt punktum. Det gjer eg slik:
 
Aasen var som sagt her ein dag i 1856; “[i]nde hos Frick og længe hos Bjørgum. Talt med Vaage.” Utan sammenligning forøvrig har eg sjølv talt lenge og vel no. Aasen for sin del drog “Seent om Kvelden tilbage til Sandferhuus tilfods.” Eg skal snart venteleg sitja på i bil ned til flyplassen. Så tida og tilhøva endrar seg. Det gjeld òg mangt og mykje ved folkestyret. Men langt frå alt: Folkestyret  held seg med festningar, mellom dei Finansdepartementet. Og takk og lov for det. Dét har vore den raude tråden i eit nøtteskal. Hadde eg skrive dagbok, er det vel slik eg hadde oppsummert dagen min i dag på Hegra. Takk for meg.