Historisk arkiv

Noko om makroovervaking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Finansavisen

Finansregulering i stort er eit spanande og viktig politikkfelt. Meininga med slike reguleringar er å leggja til rette for finansiell stabilitet. Samstundes bør konkret utforming og innføring av ny finansregulering òg diskuterast med tanke på ansvar og kontroll. Det siste er ikkje minst ei viktig oppgåve for Stortinget, skriv statssekretær Morten Søberg.

Finansavisen har skrive mykje om makroovervaking og motsykliske bufferkrav i det siste. Emnet var òg utførleg omtala i stortingsmelding nr. 24 (2011-2012); Finansmarknadsmeldinga. Der står det at "Finansdepartementet vil ha myndigheita til å fastsetja det motsykliske bufferkravet fram til ein har vunne noko røynsle med kravet". I tilrådinga frå Finanskomiteen viser komiteen til dette, jf. Innst. 360 S (2011-2012).

Det tidlause i denne samanhengen er at finansministeren skal stå parlamentarisk og konstitusjonelt ansvarleg overfor Stortinget når det gjeld finansregulering generelt og fastsetjing av motsykliske bufferkrav spesielt. Dette vil òg vera tilfelle dersom riksstyret i framtida ynskjer å delegera kompetansen til å fastsetja motsykliske bufferkrav til Finanstilsynet eller Noregs Bank. Uansett må slike krav og politikken på området forankrast i Stortinget.

Finansregulering i stort er eit spanande og viktig politikkfelt. Meininga med slike reguleringar er å leggja til rette for finansiell stabilitet. Samstundes bør konkret utforming og innføring av ny finansregulering òg diskuterast med tanke på ansvar og kontroll. Det siste er ikkje minst ei viktig oppgåve for Stortinget.