Historisk arkiv

Noregs Bank i grunnlovsheimen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Dagens Næringsliv

- Tingmenn frå alle parti på Stortinget ynskjer å grunnlovsfesta Noregs Bank. Kvifor? skriv statssekretær Morten Søberg.

Tingmenn frå alle parti på Stortinget ynskjer å grunnlovsfesta Noregs Bank. Kvifor?

Noregs Bank er ein av dei eldste sentralbankane i verda. Han er tufta på sylv, sveitte og tårer: I åra etter 1816 vart det kravd inn sylvskatt for å få grunnfondet til den nyskipa banken på stell. Sylvskatten var ein nådelaus særskatt på eigedom. I periferien – Flåm i Sogn – laut to foreldrelause born på ti og åtte år levera inn arvesylvet sitt. I sentrale strok gret kona til finansministeren, greiv Wedel, då han gav frå seg det sylvet han hadde fått frå verfaren sin, statsminister Anker. Alt sylvet vart lagra nord for Dovre. Noregs Bank heldt nemleg hus i Trondhjem fram til 1897. Banken var tryggja på anna vis òg: I nesten hundre år var Noregs Bank grunnlovsfest. I 1911 tok Stortinget derimot i bruk bankparagrafen (§110) for å gje rom til Statens Reservefond i grunnlovsheimen.

Med eit pennestrok fekk Finansdepartementet i fjor sett i verk ei statsrettsleg og historisk utgreiing om ny grunnlovsfesting av Noregs Bank. Arbeidet vart gjort av professorane Eivind Smith og Aanund Hylland. Utgreiingane deira fylgjer som vedlegg til grunnlovsforslaget som vart sett fram på Stortinget seint i september. I skrivande stund ser det lyst ut: Det er sjeldan kost at tunge tingmenn frå alle parti går i lag og tenkjer likt i den seige, sakte konstitusjonelle politikken. Samstundes er det just brei og djup semje som må til dersom Stortinget skal byggja vidare på storverket frå 1814.

Grunnlovsforslaget er einfelt og økonomisk. Det slår fast at Noregs Bank er sentralbanken i landet. Det tek ikkje til ords for å endra korkje rolla til banken eller dei politiske rammene Noregs Bank skal arbeida innanfor: "Meininga med ei stutt og stadfestande grunnlovsfesting er å tydeleggjera at banken er ein hjørnestein i den norske statsskipnaden. Ei grunnlovsfesting vil òg kunna medverka til å auka bankens relative status og gje trygd for Noregs Banks truverde som ein demokratisk lovregulert, uavhengig institusjon både i Noreg og andsynes utlandet." Bakteppet er både innlysande og tidlaust: Både nasjonale og overnasjonale sentralbankar er særmerkte institusjonar. Dei har einerett på preging av mynt og utferding av setlar. Dei er långjevarar i siste instans. Og den europeiske samtida viser utan avbrot, ikkje sprangvis, den avgjerande rolla sentralbankar har i det økonomiske samfunnslivet. Slike institusjonar ruvar og ragar i terrenget. Dimed høyrer dei heime på det institusjonelle kartet som ein konstitusjon òg lyt vera i eit land.

Noregs Bank var eit lutlag heilt fram til 1985. Staten tok over alle aksjane i 1949. Dei borgarlege partia på Stortinget røysta mot, Bondepartiet òg. Det tyngste motargumentet var kjensleladd. Dei privat eigde aksjebreva hadde gått i arv gjennom mannsaldrar og nedetter ættled. Dei bar med seg soger om nett sylv, sveitte og tårer. Men òg om folkeleg eigarskap til denne hjørnesteinen i den norske statsskipnaden. Her kjem mogelegvis grunnlovsvernet inn i biletet. Grunnlovsfesting av Noregs Bank kan styrkja tanken om og kjensla av at folket framleis eig banken. Dei tre reine statsmaktene treng òg dette: folkeleg legitimitet og tilhøyrsle. Slikt er surstoff i eit konstitusjonelt demokrati. Og grunnlova er mellom dei fremste kjeldene til demokratisk oksygen – grunnlaget for folkestyrt liv.

Grunnlovsparagrafane 76 og 112 gjer klårt at både riksstyret og kvar tingmann har rett til å setja fram grunnlovsframlegg. Etter 1905 har ulike regjeringar fremja fleire enn femti stortingsproposisjonar om grunnlovsendringar. Eitt døme: Finansdepartementet gjorde i 1906 framlegg om grunnlovsfesting av Statens reservefond. Etter krigen har det kome berre fire kongelege proposisjonar med framlegg om å endra grunnlova: i 1948, 1952, 1956 og seinast i 1976. I korte, konstitusjonelle trekk har regjeringa gått frå borde og overlate bordet til Stortinget. Det blodferske framlegget om grunnlovsfesting av Noregs Bank er slik sett ein krysning: sådd av Finansdepartementet, hausta inn av Stortinget. Fyrst og fremst er framlegget utgreidd og gjennomarbeidd. Det står på fjellgrunn. Eg trur Christian Magnus Falsen hadde likt dette. Ein Rigets Bank var nemnd i det heilage Adler-Falsenske grunnlovsutkastet. Og på Stortinget var det Falsen som tok til ords for å leggja Noregs Bank til Trondhjem. No er banken etter alle solemerke på veg heim til Grunnlova.