Historisk arkiv

Noregs Bank: talarstol på renteføter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Dag og Tid

Den fyrste årstalen vart halden i 1922. Dinest kvar vinter, kvart år utanom 1929 (grunna sjukdom) og dei fem krigsåra. Så, er det tale om eit særnorsk taleinstitutt? Langt på veg er svaret faktisk ja. Sveriges Riksbank skal ha freista å kopiera oss, utan å lukkast, skriv statssekretær Morten Søberg.

I vår tid handlar årstalen til sentralbanksjefen òg om å påverka opinionen; koss vi tenkjer om grunnleggjande, langsiktige økonomiske tilhøve.

Kvart år er det sosial samling i andre høgda på Grand Hotel etter årstalen til sentralbanksjefen. På heimesidene til Noregs Bank ligg jamvel oversikter over gjester og bordplasseringar frå dei seinaste sju åra. I år var eg sjølv invitert dit av Noregs Banks representantskap for andre gong. I fjor vart eg plassert ved bord nr. 20 der eg åt hjort. No sist forsynte eg meg av ein grand buffet og sat ved bord 23.
Årstalen til sentralbanksjefen er alltid ein monolog. Middagen etterpå er alt anna enn einetale: kvart bord si eiga kollektive snakkeboble. Og «alle» er der. Statsministeren og statsrådar, tingmenn og menn frå Høgsterett, akademia, media, næringsliv og ymist anna. Stendig fleire kvinner møter òg. På tjue år har det relative kvinneinnslaget vorte dobla til oppunder 30 prosent. Under den førre sentralbanksjefen, Svein Gjedrem, vart det dessutan invitert fleire vest- og nordlendingar enn før. Etter hans tid har middagen mutert vidare. No er det kulturelle innslag; song og musikk attåt samtalane, maten og takk-for-maten-talane.

Den fyrste årstalen vart halden i 1922. Dinest kvar vinter, kvart år utanom 1929 (grunna sjukdom) og dei fem krigsåra. Så, er det tale om eit særnorsk taleinstitutt? Langt på veg er svaret faktisk ja. Sveriges Riksbank skal ha freista å kopiera oss, utan å lukkast.

Vest i det gamle noregsveldet finst det likevel noko liknande. Også den islandske sentralbanksjefen tek ordet og føreles om økonomiske perspektiv når våren er i emning. Det har han gjort årvisst sidan Seðlabanki Íslands vart skipa i 1961. Sist år vart talen meir eller mindre symbolsk framførd i operaen. Dei islandske mottakingane etter talen er likevel meir smålåtne enn hjå austmennene på Grand Hotel i Oslo.   

Sist vinter vitja eg forresten den sveitsiske sentralbanken i Bern. Då lærde eg at banken er børsnotert i Zürich. Kantonane og kantonale bankar eig over 60 prosent av aksjane i sentralbanken. Resten er i privat eige. Ein tyskar i Düsseldorf er registrert som største luteigar og sit på om lag 6 prosent av sentralbankaksjane. Den sveitsiske sentralbanksjefen opnar difor dei årlege talane på generalforsamlinga med helsinga «vyrde luteigarar».

Bortimot slik slutta òg den norske års­talen i 1922: Då runda sentralbanksjefen av med å informera om at aksjonærane i Noregs Bank skulle få eit utbyte på 10 prosent, ned frå 12 prosent dei fire åra før. Omtale av utbyte på sentralbankens aksjar vart dinest ein attergangar i ei årrekkje. For til liks med den sveitsiske var den norske sentralbanken òg eit lutlag i si tid. Lenge var Noregs Bank-aksjar både sikre som banken og verdipapir som kasta godt av seg. Dinest tok staten over alle aksjane i 1949. Så vart lutlaget Noregs Bank avvikla heilt i 1985.

Nicolai Rygg er poenget mellom linene her og far til årstalen. Sentralbanksjef i tida 1920–46 og han som har halde flest slike talar. Framleis sviv mannen over vatna: Så seint som i år siterte Øystein Olsen frå Ryggs tale i 1932.

Vi kan berre lesa oss til koss Rygg tala, men han skreiv folkeopplysande. I 1933 fortalde han at «[d]e norske hvalfangstselskapers fangst var for året 1931/32 helt innstillet og den gyldne strøm som hvert år flyter inn fra denne kilde – særlig i månedene februar til mai – måtte man nu undvære.» To mannsaldrar seinare tala Olsen om ei anna gyllen valutakjelde utanskjers: svart gull, usynleg gass og Johan Sverdrup-feltet spesielt.

Arbeidsreiskapen til just Sverdrup var både tale og skrift. Biografen hans, Halvdan Koht, hevda at Sverdrup snøgt tok plassen som den ypparste talaren på Stortinget med «de skarpe, formfaste, logisk opbygde innlæggene sine».

A. O. Vinje var i 1869 eit samstemt vitne i sanntid: «Eg høyrde i England Gladstone og Palmerston, men sosannt som nokon Ting, synes eg Sverdrup talar betre.» Koht la til at sume av talane til Venstre-hovdingen «hadde grunnlæggende betydning for den politiske tenkning i landet». Om det er sant, definerte Sverdrup gullstandarden.

Kor mange karat inneheld årstalane til sentralbanksjefane? Svaret skifter venteleg over tid. Ikkje minst av di nokre av talane har politisk brodd i samtida. Døme: I år tala sentralbanksjefen mellom anna om handlingsregelen, regelen for bruk av «oljepengar» i norsk økonomi. Den lærer at vi kvart år – over tid – skal bruka real­avkastninga av «oljefondet». Heile tida har forventa realavkastning vore sett lik fire prosent. Dét talet meiner sentralbanksjefen no er for høgt: jag etter vind (mine ord, mi omsetjing). Difor vart årstalen i år tolka som at handlingsregelen bør reviderast og oljepengebruken minskast. Men ingen veit sant å seia kor mykje «oljefondet» vil forrenta seg i framtida. Og kven veit, om ti eller hundre år er bodskapen til sentralbanksjefen anten skrift i vatn eller eit mildt kjettersk standpunkt som vann fram, som vart politikk.

Også i år vart talen framførd i ein stor hall midt inne i Noregs Bank. Til høgre for talarstolen akkompagnerte bilete, diagram og sitat den tala skrifta. Årstalane vart multimodale alt under sentralbanksjef Erik Brofoss i 1963. Då var han fyrst ute med å bruka figurar og grafikk attåt skrift og tale. Men i stort er sjangeren konstant. Meir eller mindre same form og emne. Eigenarten grensar opp mot ein arkaisme: mest faglege, litt politiske monologar om økonomiske perspektiv. Eg får ein todelt assosiasjon der eg sit og høyrer på: dels orakel, dels apache-indianar. For etter talane er punktum sett og høyrt: Då forsvinn sannseiaren opp i fjella som Geronimo. Frå spørsmål, kommentarar og anna ordskifte. Så brakar applausen laus. Alltid, uansett.

Dette er unnataket som stadfester regelen. For sentralbanken kommuniserer – og debatterer – meir med omverda enn før. Her er syskenborna Sveriges Riksbank (den eldste sentralbanken i verda) og Noregs Bank mellom dei fremste i sentralbankslekta. Båe bankane spelar med opne kort – fortel om prognosane sine, grunngjev avgjerdene sine og gjer årvisst greie for vurderingane og lærdomane sine i offentlege høyringar i nasjonalforsamling­ane. Ord går så å seia hand i hand med rente­foten. For ord er handling. Ord påverkar forventningar og åtferd i samspel med rentefastsetjing og andre sentralbankoperasjonar. I stutte drag medverkar ordrik openheit til meir effektiv penge­politikk òg.

Dei gamle årstalane har dimed fått ei ny rolle. Dei er viktigare av di ord veg tyngre. Dei skal ikkje minst klårgjera og kunngjera kva og koss Noregs Bank tenkjer. Om grunnleggjande økonomiske samanhengar. Om utfordrande økonomiske dilemma og paradoks – og perspektiv. Nett økonomiske perspektiv har vore fast overskrift på årstalane etter at Hermod Skånland vart sentralbanksjef i 1985. Same året vedtok Stor­ting­et ein omfemnande revisjon av sentralbanklova frå 1892, ei lovendring som (på nytt) la grunnlaget for ein meir ubunden og sjølvstendig Noregs Bank. Både tilsetjinga av Skånland og den nye lova vart eit tidsskilje.

I den fyrste årstalen sin i 1986 skriftfeste Skånland tankar om årstalen som liknar på det som vart sagt og skrive om talaren Sverdrup. Då opna sentralbanksjefen med ei utgreiing kalla «[å]rstalens stilling». Skånland omtala årstalen som eit privilegium. Han viste òg til førehavinga i Stortinget av ny sentralbanklov, der sentralbankens «bidrag til den alminnelige opinionsdannelse (ble) sterkt fremholdt». Skånland søkte å «øke innsikten om økonomiske sammenheng­er der beslutninger treffes». Fyrst og fremst tok han mål av seg til å bruka årstalane til å draga fram langsiktige problemstillingar. Grunnleggjande og overordna i så måte er varig balanse i økonomien til landet: «det fremste målet for økonomisk politikk».

Dette bør alle – folk og folkevalde, regjering og storting – heile tida tenkja på og streva etter. Alternativet kan vera nedgang og undergang. Kvar vinter kringkastar Noregs Bank nye variasjonar over dette. Stundom er visdomsordet «memento mori» skrive mellom linene i årstalane. Og statusen til både institusjonen og talarstolen gjer at det fremste målet for den økonomiske politikken vert vanskelegare å gløyma. Slik er det. Slik skal det vera: saman gjennom livet.

Etter årstalen får eg sitja på i regjeringsbilen til olje- og energiministeren opp til middagen på Grand Hotel. Vi snakkar laust om talen til Øystein Olsen. Eg seier òg at eg skal ta toget til Bergen same kvelden. Det har statsråden med eitt lyst til å gjera, han med. I 1816 var det fleirtal i Odelstinget for at Noregs Bank skulle liggja i nettopp Bergen. Slik gjekk det ikkje; banken hamna politisk korrekt i heimbyen vår Trondhjem – i nesten åtti år – etter framlegg frå Christian Magnus Falsen. Men etter middagen, nokre timar seinare, tuslar vi nedover Karl Johans gate til Oslo S og set oss i den nattopne restaurantvogna på Bergensbana. Der brukar vi papirpengar utferda av Noregs Bank, der vert vi sitjande til vi er langt oppe på fjellet. Parallelt hentar toget inn tapt tid og synkroniserer seg med rutetabellens ideelle normalitet. «Under normale forhold kan man lettere komme utenom et skarpt hjørne», sa Rygg i årstalen sin i 1933.

Takk for stalltips frå finansråd Svein Gjedrem og dei norske ambassadørane til Island og Sveits.