Sikker som banken: bank i bordet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
Innlegg i Finansavisen
Tale/innlegg | Dato: 06.11.2012
Det er avkastningskravet til eigarane og kreditorane som avgjer bankane sitt behov for auka marginar og inntening. Meir eigenkapital i bankane reduserer òg sannsynet for bankkriser, og kan difor gje ein samfunnsøkonomisk vinst, skriv statssekretær Morten Søberg.
Hamilton, Alexander på 1-2-3: founding father, forfattar av brorparten av essaya i The Federalist Papers, mannen vi ser på den amerikanske 10-dollarsetelen og den fyrste finansministeren i USA. Han skreiv vedtektene til den eldste banken i USA – Bank of New York – og var den nasjonale strategen attom skipinga av The (First) Bank of the United States: kimen til FED. Hamilton var det òg som skreiv at "Most commercial nations have found it necessary to institute banks; and they have proved to be the happiest engines that ever were invented for advancing trade." Dét gjeld framleis – på tvers av hundreår og landegrenser: Store og småe bankar er samfunnsbyggjarar, sokratiske fødselshjelparar og beintfram surstoff òg i ein moderne økonomi som den veltrimma og hestekraftige norske. Men det er som kjent, titt og ofte delte meiningar om korleis dei skal regulerast; om kor solid soliditeten i bankstellet lyt vera: I Finansavisen 24. oktober seier administrerande direktør i FNO seg samd i at bankane har behov for å ha større kapitalbufferar for å kunne stå i mot kriser. Men han seier òg at "vi har en forpliktelse til å gjøre oppmerksom på at dette har en kostnad og vil få konsekvenser for pris i markedet".
Vel, det er ikkje skrive i stein at auka eigenkapitaldel fordrar auka marginar og inntening. Eigenkapitalen tek meir risiko enn innlån, og krev difor ei høgare avkastning. Ein høgare eigenkapitaldel vil likevel redusera risikoen for tap for eigarar og kreditorar, og kan dimed leia til eit lågare avkastningskrav for eigenkapitalen og lågare innlånskostnader. Det er avkastningskravet til eigarane og kreditorane som avgjer bankane sitt behov for auka marginar og inntening. Meir eigenkapital i bankane reduserer òg sannsynet for bankkriser, og kan difor gje ein samfunnsøkonomisk vinst.
Kreutzer viser også til ein studie frå Bank for International Settlement (BIS) for å forklara FNO sine utrekningar av effekten av høgare eigenkapitalkrav for norske bankar. Analysen frå BIS bereknar at ein auke i kapital- og likviditetskrav isolert sett vil kunna gje auka utlånsmarginar – gjeve ein føresetnad om at avkastningskravet til eigarar (aksjonærar) og kreditorar ikkje vert påverka av kapitaldekninga. Det finst like fullt mange ulike analysar av kva verknad ein auke i bankane sin eigenkapitaldel vil ha på utlånsmarginar og samla kredittvekst. Desse resultata avheng mellom anna av metodeval, analyseperiode og kor snøgt eigenkapitalen vert auka. Eitt relevant døme: Den europeiske sentralbanken (ESB) har nyleg rekna på i kva grad Modigliani-Miller-teoremet faktisk held for bankar. Dette teoremet seier – i stutte, enkle drag – at verdien av og dei samla finansieringskostnadene for eit føretak er uavhengig av kapitalstrukturen til føretaket. ESB har kome til at Modigliani-Miller-effekten truleg ligg ein stad mellom 41 og 73 prosent, som nettopp viser at auka eigenkapital kan gje lågare avkastningskrav for aksjonærane. Fleire av analysane konkluderer også med at auka kapitalkrav gjev opphav til store samfunnsøkonomiske gevinstar.
Den gode Hamilton døydde elles i 1804 i ein tilsynelatande meiningslaus duell med den amerikanske visepresidenten Aaron Burr. Lett malapropos: Nokon lang holmgang med FNO er ikkje rekningssvarande, meiner eg: Til sjuande og sist er vi samde om at bankane skal vera rusta for å møta uro og regnvêrsdagar. Difor lyt dei vera solide og likvide. Eit godt og robust regelverk er den synlege handa som hjelper bankane til å sjølvstyrka seg såleis. Over tid er dette til bate for både bankane og Noreg; ikkje til meins for nokon.