Historisk arkiv

Staten tel pengane sine rett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Finansavisen

I Finansavisa 11. august har dei statsautoriserte revisorane Jørn Borchgrevink og Oddvar Snipsøyr eit interessant innlegg. Dei stiller spørsmålet «Teller staten pengene sine riktig?». Dinest tek dei til ords for å endra det grunnleggjande føringsprinsippet i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Målet er edelt: meir effektiv ressursbruk.

I Finansavisa 11. august har dei statsautoriserte revisorane Jørn Borchgrevink og Oddvar Snipsøyr eit interessant innlegg. Dei stiller spørsmålet «Teller staten pengene sine riktig?». Dinest tek dei til ords for å endra det grunnleggjande føringsprinsippet i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Målet er edelt: meir effektiv ressursbruk.

Ein debatt som handlar om statsbudsjettets form, oppsett og innhald er tidlaust viktig. Ikkje minst av di statsbudsjettet kanaliserer ein så stor del av det norske bruttonasjonalproduktet. Både lek og lærd, ikkje minst Finansdepartementet, vil vera samd i at statlege budsjettmidlar skal nyttast effektivt. Spørsmålet er om det etablerte kontantprinsippet bør avløysast av andre prinsipp (til dømes periodiseringsprinsippet) som grunnlag for styring i statsbudsjettet. Vel, det er alt anna enn opplagt.

I Noreg har kontantprinsippet vore det berande prinsippet i statsbudsjettet sidan Stortingets fyrste gongen fastsette løyvingsreglement i 1928. Etter det har dei årvisse budsjettvedtaka vore kontantbaserte. Det er tre hovudgrunnar til at dette bør halda fram:

Statsbudsjettets rolle som eit konstitusjonelt vedtaksdokument. Stortingets operative budsjettvedtak knytte til inn- og utbetalingar er lettfattelege og lette å føra kontroll med. Periodiserte utgifter og inntekter er i større grad enn kontante ut- og innbetalingar baserte på vurderingar og skjønn. Å knyta budsjettvedtaka til periodiserte beløp vil gje mindre presis politisk styring av forvaltninga.Finanspolitikken påverkar den samla etterspurnaden og aktiviteten i økonomien. Aktiviteten knytte til statlege investeringar fylgjer i stor grad kontantstraumane, og ikkje periodiserte tal. Dimed lyt budsjettvedtaka i Stortinget vera knytte til kontantstraumar. Eit periodisert budsjett vil dekkja kontantutgifter og avskrivingar på investeringar. Investeringar på grunnlag av eit periodisert budsjett vil gje lågare kostnadar i det fyrste året, men etter det vil behovet for auka løyvingar til avskrivingar gje mindre økonomisk handlefridom i framtidige budsjettår.

Samstundes har vi i mange år vore opne for at kontantprinsippet i statsbudsjettet kan supplerast med andre føringsprinsipp i dei statlege etatane. På den måten kan kontantprinsippet i statsbudsjettet gå hand i hand med periodiseringsprinsippet for dei etatane som har nytte av dette i si eiga styring. Dette synet står seg òg etter at periodiseringsprinsippet er prøvd ut og evaluert over fleire år etter 2004, som ei oppfylging av statsbudsjettutvalet. Det er laga tilrådde statlege regnskapsstandardar (SRS) for etatar som ynskjer å bruka periodiseringsprinsippet . Desse er tilpassa særtrekka til staten og skil seg difor vesentleg frå dei standardane som private verksemder skal bruka etter rekneskapslova.

Dette er avgjerande å merka seg: Kontantbaserte budsjettvedtak står ikkje i motstrid til fornuftige investeringsvedtak. Finanspolitikken og handlingsregelen set rammer for kor stort eit ansvarleg statsbudsjett kan vera. Det inneber at statlege investeringar må prioriterast opp mot andre tiltak i budsjettet. Vi må leggja vinn på å gjennomføra dei rette prosjekta. Store investeringar vert difor "utsette" for samfunnsøkonomiske analysar og ekstern kvalitetssikring. Båe delar viser at både riksstyret og Stortinget brukar tilleggsinformasjon til budsjettverknaden for å vurdera og prioritera investeringar. Som vert vedtekne i rikt monn. Eitt døme er vedtaket om å investera i nye jagarfly. Andre døme er legio.

Alt i alt: Den norske statsbudsjettordninga er både fast og klår, men samstundes fleksibel i samhøve med tida og tilhøva. Ikkje minst er ho breitt og djupt forankra i Stortinget.