Historisk arkiv

Bankar og politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Adresseavisen

Det store spørsmålet er om og eventuelt i kva grad offentleg ansvar avløyser privat ansvar. Om offentlege rettar og løyvingar fortrengjer både det sivile samfunnet, dugnad og personleg ansvar for eigne liv. I framtida kan det vera at den mest interessante soga om Noreg er idéhistorie: ei forteljing om korleis tenkinga hjå lek og lærd har vorte endra i takt med at stat og kommune, lov og forskrift, kapittel og post på statsbudsjettet meir enn nokon gong pregar men òg speglar liva våre, skriv statssekretær Morten Søberg.

Søndre gate er sjølve bankgata. Soga om bankane der lyser opp grenser for politikk og personleg ansvar for eigne liv.

Wall Street i New York går mellom Hudson River i vest og tidevasstraumen East River i aust. I Trondheim buktar Nidelva seg gjennom byen. Men det siste stykket rettar ho som ut og flyt parallelt med Søndre gate mot nord. Vatnet som renn der i år, er ikkje det som rann i fjor. Bankverda og bankane endrar seg òg, heile tida. Ny teknologi avløyser eldfaste jarnskap og handfaste bankbøker, setlar og myntar kverv. Og nokre bankar kjem til medan andre går under. I Søndre gate står framleis bygningen som hyste hovudsetet til Den norske handelsbank: jugendstil, eit tagalt minne om eit finansielt ragnarok: Tidleg på 1920-talet var banken den fjerde største i landet, men han var ein jobbebank og bergingslaust fortapt i 1924. Buslitet (fallitten) vart eit faktum trass i både løynd og open støtte frå staten. Den løynde støtta førde òg til den førebels siste riksrettsaka i Noreg; i 1926/27, mot stats- og finansminister Abraham Berge og seks av statsrådane hans.

Krampetrekningane til Handelsbanken gjorde at verken Berge eller sentralbanksjef Nicolai Rygg hadde høve å koma nordafjells og feira 100-årsdagen til Trondhjems Sparebank laurdag den 26. mai 1923. Den banken har òg endra seg som ei elv gjennom åra. Han gjekk saman med Strindens Sparebank i 1975, skifte namn til Sparebanken Midt-Norge midt på 1980-talet og i dag har SpareBank 1 SMN teke opp i seg om lag seksti midtnorske sparebankar. Men attende til 1923: Då hausta banken fagnad og takksemd for den samfunnsbyggjande verksemda si. I tida 1847-1923 hadde Trondhjems Sparebank gjeve 3 millionar kroner i gåver til gode føremål i byen. Summen står seg: Den eldste sparebanken i landet, Christiania Sparebank, gav 3,5 millionar kroner i gåver dei fyrste hundre åra. Bergen Sparebank, skipa i 1823: 2 millionar. Til liks med desse storbankane løyvde Trondhjems Sparebank midlar til bibliotek, skular og museum – til kunnskap og vitskap. Han var òg med og støtta Forening for skolebespisning. Gjennom fleire tiår frå tidleg 1890-tal såg banken til at "endel barn som ikke fik den fornødne mat" fekk nett det. I takketalen sin under 100-årsfeiringa i 1923 sa overlærar Lie at "foreningen arbeidet under den forutsætning saalænge som mulig at greie denne bespisning privat uten at gaa til kommunen, og det lyktes med Sparebankens hjælp helt til krigsaarene".

Dette eine dømet lyser opp noko meir ålment. Norske sparebankar i både bygd og by nytta delar av overskotet sitt til å "produsera" gode og tiltak som no er eit klårt offentleg og skattefinansiert ansvar. Ikkje minst etter den andre verdskrigen har balansepunktet mellom privat og offentleg skift i takt med veksten i offentleg sektor og vesentleg tyngre skattlegging. Slik har òg grensene for politikk endra seg. Ikkje minst gjeld dette "flaggskipet" til Trondhjems Sparebank: atterreisinga av Nidarosdomen. I 1923 hadde banken støtta dette med over ein million kroner gjennom femti år etter at restaureringa byrja i 1869. Banken gjekk inn i si tid, jamfør det A.O. Vinje skreiv etter kongekroninga i 1860: "Den gamle storkyrkja står berre atter som ein avlang, taklaus firkant med muren oppikring vindaugom og dørkvelv, forfaren og stødd og lappa på mange måtar. ... Kvar stein er sprokken og utkrotingar og kniplingar og krusar og roser er anten utslegne eller skjekte og skeiva. På St. Petrus er nasa borte. Judas har mist pungen sin. Lukas eit auga og ein arm; Matheus er hovudlaus; på Johannes er tennene utslegne. Av alle desse mange gamle steinmenn er det ikkje ein med så mange lemer at han kunne leva." Vinje meinte at kyrkja likna meir på eit nautefjøs enn eit Guds hus. Sparebanken var det som gjekk i bresjen for få nasjonalheilagdomen på stell. I dag er dette tvillaust eit offentleg ansvar – i samklang med folkeviljen.

Vinje er mest kjend for tvisynet sitt: evna og hugen til å gråta med det eine auget og le med det andre. Tvisyn trengst når det gjeld ansvarsfordeling mellom stat og marknad, det offentlege og det private òg. Det store spørsmålet er om og eventuelt i kva grad offentleg ansvar avløyser privat ansvar. Om offentlege rettar og løyvingar fortrengjer både det sivile samfunnet, dugnad og personleg ansvar for eigne liv. I framtida kan det vera at den mest interessante soga om Noreg er idéhistorie: ei forteljing om korleis tenkinga hjå lek og lærd har vorte endra i takt med at stat og kommune, lov og forskrift, kapittel og post på statsbudsjettet meir enn nokon gong pregar men òg speglar liva våre. Soga om (spare)bankar er om ikkje anna eit utgangspunkt for å tenkja motstraums om dette.

I den eine enden av Wall Street ligg den fyrste amerikanske finansministeren, flogvitet Alexander Hamilton, gravlagd. Få har lovprist bankar meir enn han: Bankar "have proved to be the happiest engines that were ever invented for advancing trade." Den norske handelsbank i Trondheim vart derimot sand i maskineriet, sette seg sjølv over styr. Men dette handlar om børs og katedral. Sjølv vart eg døypt i Nidarosdomen i 1969. Som alle trondheimsborn på den tida fekk eg 10 kroner i dåpsgåve av Trondhjems Sparebank – "en oppmuntring og oppfordring til senere sparing." Der ligg ein av dei lukkelegaste og tidlause funksjonane til bankar lell. Dei lyt vera fødselshjelparar for oppbygging av kapital på gamalt protestantisk vis – stein på stein, personleg sjølvstyrking etter beste evne.