Historisk arkiv

Fakta frå Bankland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Bergens Tidende

Regulering av finansmarknader utgjer ein stendig meir synleg hjørnestein i den økonomiske politikken attåt penge- og finanspolitikken. Det tidlause målet er finansiell stabilitet: effektivt betalingssystem, trygge forsikringsselskap og sjølvsagt sikre bankar, skriv statssekretær Morten Søberg.

I Bergens Tidende den 24. mai skriv Jan Erik Kjerpeseth, viseadministrerande direktør i Sparebanken Vest, om norske bankar og norsk bankregulering. Ingressen er det kan henda avisa og ikkje forfattaren sjølv som har skrive, men lyder i alle fall slik: "Norske banker sto støtt gjennom finanskrisen. Nå "reguleres" de til å bli ustabile i fremtiden." Det kan i alle fall eg ikkje skriva under på.

I eit gamalt historieverk om Fjærland privatbank i Sogn er den enkle banklogikken framstilt slik: Ein bank tek imot innskot mot å betala innskotsrente og gjev lån mot trygd og utlånsrente. Denne forma for økonomisk aktivitet er grunnleggjande viktig allstøtt og alle stader: På sitt beste er bankstellet eit kraftfelt i økonomien. Fjærland privatbank er derimot historie. Det er òg banken han i si tid gjekk inn i, nemleg Vestlandsbanken. Og den banken fusjonerte dinest med fleire andre og skipa Fokus Bank – som etter krise og krakk på 90-talet – no driv vidare under namnet Danske Bank i Noreg. I stutte drag: Det mest konstante ved norsk bankstruktur er endring. Og endringa går i retning av færre og ikkje minst større bankar. Dette skjer fyrst og fremst etter ynske frå bankane sjølve.

Framleis er det norske bankstellet likevel mangslunge og talrikt. Mange av bankane – ikkje minst dei mindre sparebankane – driv konservativt og i samklang med den klassiske banklogikken. Desse yter ein viktig skjerv til at norsk bankstell er etter måten stabilt og robust.

Ny, norsk bankregulering gjeld derimot i fyrste rekkje dei store bankane i Noreg. Desse bankane har i regelen – og relativt sett – mindre eigenkapital enn dei småe. Dei store er òg meir avhengige av finansiering frå utlandet enn dei mindre bankane. Samla sett kan dette vera kjelde til både ustabilitet og uro. Difor er det just dei største bankane som bør vera retteleg på stell for at bankstellet under eitt skal vera sikkert som banken.

Kjerpeseth skriv særskilt om nye krav til eigenkapital som Stortinget vedtek no i vår. Dei nye krava inneber at dei største bankane i framtida må halda seg med noko meir eigenkapital enn i dag. Ikkje minst av di styresmaktene no vil stilla særskilde krav til eigenkapital i såkalla systemviktige bankar. I skrivande stund utgreier Finanstilsynet i samarbeid med Noregs Bank kven desse bankane er, men til slutt kan det godt vera at dei største sparebankane høyrer med til denne litle gruppa av norske bankar. Meininga med slik regulering er sjølvinnlysande: Det handlar om å styrkja dei største bankane og gjera dei betre rusta til å stå støtt gjennom både sus i trekronene, storm og jamvel orkan.

Regulering av finansmarknader utgjer ein stendig meir synleg hjørnestein i den økonomiske politikken attåt penge- og finanspolitikken. Det tidlause målet er finansiell stabilitet: effektivt betalingssystem, trygge forsikringsselskap og sjølvsagt sikre bankar. Sett på spissen har vi kome langt dersom dei store bankane i sentrum i noko større grad liknar på dei småe i periferien.