Historisk arkiv

Offentlegheit og kapitalkrav

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i DN

Spørsmålet i Noreg er ikkje om faglege råd og vurderingar frå Noregs Bank (og eventuelt Finanstilsynet) skal offentleggjerast, men når dei skal verta offentleg kjende: anten før eller om lag på same tid som Finansdepartementet fastset nivået på motsykliske kapitalkrav, skriv statssekretær Morten Søberg.

På leiarplass den 19. august skriv DN om motsykliske kapitalkrav og openheit. Saka i eit nøtteskal: I grove trekk skal Finansdepartementet etter kvart fastsetja motsykliske kapitalkrav overfor bankane etter råd frå Noregs Bank. I skrivande stund arbeider vi med ei ny forskrift som handfast og detaljert skal regulera dette samspelet, denne prosessen. I høyringsrunden har Noregs Bank lagt stor vekt på at rådet deira bør vera offentleg. Eller meir presist: Banken meiner at rådet lyt vera offentleg kjent før Finansdepartementet – fire gonger i året – avgjer nivået på den motsykliske kapitalbufferen. DN stør dette synspunktet.

Finanstilsynet har òg kome med ei høyringsfråsegn. Dei har eit anna syn på (utsett) offentlegheit enn Noregs Bank: Tilsynet meiner at sentralbankens råd – og Finanstilsynets vurdering av rådet – skal vera unnateke offentlegheit fram til Finansdepartementet har teke ei avgjerd.

Så seint som i april var eg sjølv på studietur til Bern. Sveits har nemleg kome lengst når det gjeld konkret, institusjonell utforming av motsykliske kapitalkrav. Der avgjer regjeringa/finansdepartementet nivået etter råd frå den sveitsiske sentralbanken. Sentralbanken og finanstilsynet samarbeider om rådet. Rådet frå sentralbanken vert offentleg kjent når avgjerda er teken. Då kan òg det sveitsiske finanstilsynet gjera kjent si vurdering om det så ynskjer. Forslaget som har vore i høyring i Noreg, liknar på den sveitsiske modellen. Det skal likevel seiast at mange land legg opp til å organisera fastsetjing av motsykliske kapitalkrav på andre vis enn Sveits. På tvers av landegrensene er heile dette politikkfeltet i ei institusjonell støypeskei.

I Noreg er ingenting endeleg avgjort enno. No skal vi noggrant vurdera innspela som har kome. Både Noregs Bank og Finanstilsynet har argumentert godt for sine syn. Men dette er viktig å merkja seg: Spørsmålet i Noreg er ikkje om faglege råd og vurderingar frå Noregs Bank (og eventuelt Finanstilsynet) skal offentleggjerast, men når dei skal verta offentleg kjende: anten før eller om lag på same tid som Finansdepartementet fastset nivået på motsykliske kapitalkrav. Det avgjerande er at desse avgjerdene skal vera tufta på harde fakta og djup samfunnsøkonomisk innsikt av fyrste klasse. I spennet mellom klåre reglar og politisk skjønn lyt stabilitetsfremjande, motsykliske kapitalkrav fastsetjast mest i samklang med fyrstnemnde.