Historisk arkiv

Sikker som banken i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Stavanger Aftenblad

På alle vis er Rogland eit økonomisk kraftverk. Bankane medverkar til dette gjennom lån, kreditt, finansiering. Samstundes er gjeldsveksten i norsk økonomi høg. Etter alle solemerke er tilgangen på kreditt i økonomien såleis god, skriv statssekretær Morten Søberg.

Gjennom åra har Rogaland skapt meirverdi – ikkje minst litterært. Mykje skulle ein knapt tru menneske kunne skriva i det heile: "Svartgrønt og salt kjem det i veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone fraa dei ytste Avgrunnar."

Desse setningane om havet er som kjent henta frå byrjinga av Arne Garborgs roman "Fred". Ein noko annleis tekst om Rogaland stod på trykk i Stavanger Aftenblad den 29. mai. Der skreiv Harald Minge, adm. dir. i Næringsforeininga i Stavanger-regionen, harde ord om den økonomiske stoda i fylket. Han ber til torgs tung tids tale: Lånetørke kan kvela vekst, "umulig å leve med slik uforutsigbarhet", regionen kan koma til å "rammes hardest i landet". Kva ligg under? Svaret til Minge ser ut til å vera uvisse knytt til krav til og regulering av bankar.

Men dette stemmer ikkje. Regjeringa har over lang tid signalisert skjerpa krav til eigenkapital i bankar for å gjera dei sikrare og meir robuste. I vår la vi fram framlegg til konkrete eigenkapitalkrav for Stortinget. Og i desse dagar vedtek tingmennene eigenkapitalkrav i samhøve med regjeringa sitt framlegg. I stutte drag vil dei nye eigenkapitalkrava fyrst og fremst gjelda for dei største bankane: I 2015 og 2016 skal dei såkalla systemviktige bankane i Noreg innfri særskilde kapitalkrav som ligg noko høgare enn dagens. I Rogland kan det vera at dette gjeld SR-Bank. Dette vil i så fall kunna vera ein konkurranseføremon for banken og til bate for regionen. Både den banken og dei mindre i fylket vil òg få godt med tid til å innretta seg etter dei nye krava – i ei tid då norske bankar tener godt med pengar og såleis burde ha lett for å sjølvstyrkja seg.

På alle vis er Rogland eit økonomisk kraftverk. Bankane medverkar til dette gjennom lån, kreditt, finansiering. Samstundes er gjeldsveksten i norsk økonomi høg: Bruttogjelda til hushalda auka med 7,7 prosent det siste året; tolvmånadersveksten i bruttogjelda til ikkje-finansielle føretak steig med 4,2 prosent. Etter alle solemerke er tilgangen på kreditt i økonomien såleis god. Men berekraftig økonomisk vekst krev at bankstellet er på stell. Dét er meininga med dei nye regulatoriske krava til bankane. Som både er varsla, venta og no – så å seia medan eg skriv – vert fastsette av Stortinget. Samla sett trekkjer dette meir i retning av fred enn ulv, ulv.