Historisk arkiv

Kystfartøygruppa si deltaking i fisket i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrifter om løyve til å delta i fisket i 2006 for kystfartøya. – Fleire av dei som ikkje fekk løyve til å delta i fisket etter NVG-sild i 2005, får no løyve til å delta i 2006. Elles er det dei same fartøya som hadde løyve til å delta i dei forskjellige fiskeria i 2005, som er gitt løyve til å delta i 2006, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Pressemelding

Nr.: 84/2005
Dato: 24.11.2005
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán Williams, tlf 22 24 64 40/90 02 44 46

Kystfartøygruppa si deltaking i fisket i 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrifter om løyve til å delta i fisket i 2006 for kystfartøya. – Fleire av dei som ikkje fekk løyve til å delta i fisket etter NVG-sild i 2005, får no løyve til å delta i 2006. Elles er det dei same fartøya som hadde løyve til å delta i dei forskjellige fiskeria i 2005, som er gitt løyve til å delta i 2006, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Aktivitetskravet som vart stilt for å få løyve til å delta i fisket etter NVG-sild i 2005, har råka fleire av dei små og minst mobile fartøya. Bestanden av sild er samstundes god nok til å bere fleire fartøy i fisket. Dei som hadde løyve til å delta i 2004 og har eigd fartøya sjølv sidan 1. juli 2004, får no løyve til å delta i 2006. Dette skjer etter breitt ønskje i frå organisasjonane i næringa. – Eg vonar at faste fartøykvoter i fisket gjer at dei små fartøya skal kunne nytte kvotene betre, seier Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Fiskeri- og kystdepartementet har for 2006 fastsett forskrift om vilkår for å delta når det gjeld følgjande fiskeri:

  • fiske etter torsk, hyse og sei o.a. for fartøy på eller over 28 meter som fisker med konvensjonelle reiskap,
  • fiske etter torsk, hyse og sei for fartøy under 28 meter som fisker med konvensjonelle reiskap nord for 62°N,
  • fiske etter torsk for fartøy under 28 meter som fisker med konvensjonelle reiskap i Nordsjøen sør for 62°N,
  • fiske etter sei med not for fartøy under 27,5 meter som fisker nord for 62°N,
  • fiske etter sei med not for fartøy under 27,5 meter som fisker sør for 62°N,
  • fiske etter norsk vårgytande sild,
  • fiske etter makrell for fartøy under 27,5 meter,
  • fiske etter nordsjøsild for fartøy under 27,5 meter,
  • fiske etter reker i Nordsjøen og Skagerrak.

Fiskeri- og kystdepartementet sendte 20. juni eit forslag om innføring av ei konsesjonsordning for fartøy over 28 meter som driv fiske med konvensjonelle reiskap på høyring. Innføring av ei konsesjonsordning må sjåast i samanheng med den varsla gjennomgangen av konsesjonsordningane. Difor vil deltakarreguleringa for fiske etter torsk, hyse og sei for fartøy over 28 meter som fisker med konvensjonelle reiskap nord for 62°N verte ført vidare i 2006.

Godkjenningsordningane i alle deltakerforskriftene er for 2006 straumlinjeforma. Kravet til obligatorisk godkjenning av at fartøya skal oppfylle krava for å delta i fisket, er erstatta med ein stikkprøvekontroll.

Det er utover dette berre gjort små endringar i deltakarforskriftene for 2006 samanlikna med forskriftene for 2005. Vilkåra for å delta i fisket i 2006 er elles vidareført frå 2005. Det inneber at fartøy som hadde løyve til å fiske i 2005 også har løyve i 2006.