Historisk arkiv

Regulering av fisket etter blåkveite i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 107/2005
Dato: 21.12.2005
Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Johán H Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter blåkveite i 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2006. Omsynet til bestanden gjer at det framleis er forbode å drive direktefiske etter blåkveite, bortsett frå eit avgrensa kystfiske.

Kystflåten kan i 2006 fiske blåkveite i to periodar. Periodane varer frå tysdag 6. juni til og med måndag 26. juni, og frå tysdag 1. august til og med måndag 21. august. Denne reguleringa tek omsyn til marknaden, og legg til rette for auka verdiskaping i blåkveitefisket.

Kystfisket vert regulert med maksimalkvotar på 10, 12 og 14 tonn, avhengig av lengda på fartøyet.

Eigar og fartøy må ha særskilt godkjenning frå Fiskeridirektoratets regionkontor som viser at vilkåra for å delta er oppfylte. Dei som ønskjer å delta i dette fisket må også melde seg på skriftleg til Norges Råfisklag eller Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag innan 2. mai. Listene over påmelde fartøy vil bli offentleggjorde.

For fartøy som ikkje har adgang til å delta i det direkte fisket, eller i periodar når det direkte fisket ikkje er ope, kan mengde blåkveite ikkje overskride 7% ved fiske etter andre fiskeslag.

For fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar og leverer fangst fleire gonger i veka, skal innblandingsprosenten utreknast på vekebasis.

Bifangst som er teken før det direkte fisket opnar, skal trekkjast frå maksimalkvoten til det einskilde fartøyet i det direkte fisket.

Bifangst av blåkveite på årsbasis for den enkelte trålaren, er avgrensa til 4% av summen av fartøykvotene for torsk, hyse og sei, men fartøyet kan likevel ikkje ta meir enn 40 tonn blåkveite som bifangst i 2006.

- På nyåret vil eg sette ned ei gruppe som skal gå grundig gjennom bifangstreglane for alle flåtegrupper med tanke på å minske uttaket av blåkveite ytterlegare. Det vil derfor kunne verte aktuelt å endre reglane når det gjeld kva eit fartøy maksimalt kan ta som bifangst allereie i 2006, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.