Historisk arkiv

Regulering av fisket etter brisling i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 101/2005
Dato: 19.12.2005
Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter brisling i 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter brisling i EU-sona i Nordsjøen og i Skagerrak for 2006. Norske fiskarar kan fiske 10.000 tonn brisling i EU-sona og 3.900 tonn i Skagerrak.

Brislingfisket i EU-sona vert gjennomførd ved førehandsmelding om utsegling til Norges Sildesalgslag. Alle fartøy får tildelt ein maksimalkvote på 800 tonn. Fiskeridirektoratet kan stogge utseglinga når eit tilstrekkeleg tal fartøy har teke utsegling.

Starttidspunkt for melding om utsegling er 1. januar 2006 kl. 12.00.

Det er forbode å fiske brisling i EU-sona og i norsk økonomisk sone frå 1. april til 31. juli 2006, og det er forbode å fiske brisling i norsk økonomisk sone i Nordsjøen så lenge fisket i EU-sona føregår.

Den norske brislingkvoten i Skagerrak i 2006 er sett av til notfartøy under 27,5 meter som har delteke i brislingfisket tidlegare.