Historisk arkiv

Regulering av fisket etter djuphavsartar i internasjonalt område i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Nr.: 92/2005
Dato: 12.12.2005
Kontakt:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter djuphavsartar i internasjonalt område i 2006

På årsmøtet i NEAFC (Kommisjonen for fiske i det nordaustlege Atlanterhav) i november 2005, vart det vedtatt å føre vidare reduksjonen i innsatsen i fiske etter djuphavsartar i NEAFC sitt reguleringsområde. Reduksjonen på 30 prosent vart innførd frå 1. januar 2005. Årsmøtet vedtok også å innføre eit mellombels forbod mot fiske med garn djupare enn 200 meter i det same området.

Den norske reguleringa inneber at 17 norske fartøy kan fiske til saman 547 fiskedøgn i internasjonalt område i ICES statistikkområde X, XII og XIV. Reguleringa gjeld for fiske etter til saman 49 namngjevne artar.

På grunn av problem med spøkelsesfiske og manglande røkting av garn i internasjonalt farvatn i NEAFC-område, foreslo Noreg på årsmøtet i NEAFC i november at det skulle lagast reglar om røkting av garn mv. i NEAFC-område. Det er i dag ikkje eit teknisk regelverk for garnfiske i internasjonalt farvatn i NEAFC-område. Som ein oppfølging av dette vedtok årsmøtet også å innføre eit mellombels forbod mot garnfiske på djupare vatn enn 200 meter inntil eit teknisk regelverk er utarbeida. Dette forbodet gjeld frå 1. februar 2006.