Historisk arkiv

Regulering av fisket etter makrell i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 104/2005
Dato: 19.12.2005
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter makrell i 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter makrell i 2006. Den norske makrellkvoten er mellombels sett til 115.768 tonn. Det er ein auke på 1.331 tonn samanlikna med 2005. Forhandlingane med Færøyane om ein kvoteavtale er ikkje fullførte. Den norske kvoten vil difor kunne auke noko dersom det vert overført makrell frå Færøyane til Noreg.

Noreg sin kvote er fordelt med 86.337 tonn til ringnotgruppa, 25.000 tonn til kystfartøygruppa og 3.681 tonn til trålgruppa. Ordninga med ein eigen agnkvote på 750 tonn vert vidareført i 2006.

Kystfartøya sin kvote på 25.000 tonn vert fordelt med 15.925 tonn til not, 8.575 tonn til garn/snøre, 400 tonn til gruppe II og 100 tonn til ikkje-manntalsførde fiskarar som fiskar med landnot. Av kvoten kystfartøy har fått tildelt på årsbasis, kan fartøy som fiskar med garn/snøre fiske 15 tonn i perioden 1. januar til 13. august. Notfartøy under 15 meter kan fiske heile sin maksimal- eller fartøykvote i denne perioden. Notfartøy over 15 meter kan fiske 63,82 tonn i denne perioden. Kystfartøy i gruppe II kan fiske 5 tonn makrell i 2004.

Fartøy i kystfartøygruppa under 13 meter med løyve til å delta med not, har maksimalkvotar frå 34 tonn til 42,84 tonn avhengig av fartøylengda. Fartøy over 13 meter som har løyve til å delta med not, har fartøykvotar frå 63,82 til 151,47 tonn avhengig av fartøylengda. Fartøy i kystfartøygruppa med adgang til å delta med garn/snøre har maksimalkvotar frå 27 til 57,21 tonn avhengig av fartøylengda. For desse fartøya under 10 meter gjeld eit garantert kvantum på 5 tonn. Kvantum fartøy har fiska før 14. august, kjem til fråtrekk i maksimal- og fartøykvotane.

Ringnotfartøya sin kvote vert fordelt med 79.257 tonn til konsesjonspliktige ringnotfartøy og 7.080 tonn til SUK-gruppa. Konsesjonspliktige ringnotfartøy kan kvar fiske 350 tonn makrell før 14. august. Ringnotfartøy mellom 21,35 meter og 27,5 meter kan fiske 250 tonn makrell før 14. august 2005.