Historisk arkiv

Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 108/2005
Dato: 21.12.2005
Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 60
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2006

Det har heller ikkje i år lukkast å inngå ein fempartsavtale mellom Noreg, EU, Island, Færøyane og Russland om forvaltinga og fordelinga av norsk vårgytande sild. Noreg og EU har likevel inngått ein bilateral avtale om norsk vårgytande sild for 2006. På bakgrunn av denne avtalen har Noreg fastsett ein norsk totalkvote på 564.200 tonn sild for 2006.

- Det var særs viktig å få denne avtalen på plass slik at vi allereie no veit kva kvote norske fiskarar disponerer neste år. Dette sikrar tryggleiken for driftsplanlegging og levering. I tillegg vil alle fartøy som fiskar sild i 2006 verte regulerte med garanterte fartøykvotar. Dette er ei vidareføring av ordninga i 2005. Meininga er å legge forholda til rette for ro i fisket, satsing på kvalitet, og dermed auka verdiskaping i sildefisket, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Nytt for neste år er at det er sett av eit kvantum på 3.000 tonn sild til forsking og skulekvotar før fordeling på fartøygruppene. Dette er for å sikre at heile den norske fangsten skjer innanfor den norske totalkvoten.

Fartøy i ringnotgruppa, trålgruppa og kystfartøygruppa vert tildelte garanterte fartøykvotar i 2006. Den norske kvoten er fordelt med 212.206 tonn til kystfartøygruppa, 57.400 tonn til trålarane, og 290.844 tonn til ringnotgruppa. Kvotestigen for fartøy i kystfartøygruppa går frå 35,5 tonn for fartøy under 7 meter til 735 tonn for fartøy på 26 meter og over. Fartøykvotane for ringnot og trål blir fastsette etter same nøkkel som i 2005.