Historisk arkiv

Regulering av fisket etter reker i sør i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Nr.: 94/2005
Dato: 14.12.05

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40

Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter reker i sør i 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av rekefisket i Nordsjøen og Skagerrak for 2006. Den norske totalkvoten for 2006 er på 8.961 tonn, som er ein auke på 431 tonn i forhold til inneverande år. Av dette kan 3.742 tonn fiskast i norsk sone i Nordsjøen og 5.219 tonn i Skagerrak.

Reguleringane i år vert vidareførde i 2006. Det inneber at den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40 prosent av den samla kvoten fiskast, i dei to neste periodane 30 prosent i kvar periode. Maksimalkvoten for det einskilde fartøyet er sett til 45 tonn i første periode og 35 tonn i kvar av dei etterfølgjande periodane.

Fartøy under 20 meter største lengde kan halde fram fisket innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om gruppekvotene er oppfiska.

Det einskilde fartøy sitt fiske er avgrensa til 4 tonn reker pr. tur.