Historisk arkiv

Regulering av fisket etter tobis og øyepål i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Nr.: 114/2005
Dato: 22.12.2005
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 og avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter tobis og øyepål i 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis og øyepål i 2006. I tråd med tilrådingane frå havforskarane er det innført strenge reguleringstiltak for tobis og øyepål. I 2006 kan øyepål kun fiskast som bifangst. Fisket etter tobis vil vere stengt i 2006.

Tobis og øyepål viser i følgje Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) sviktande reproduksjonsevne og har låge gytebestandar. Det er derfor nødvendig å vidareføre strenge reguleringstiltak for å byggje opp desse bestandane.

Det er innført forbod mot fiske etter tobis i Nordsjøen og Skagerrak i heile 2006. For å auke kunnskapen om tobis er det opna for at Fiskeridirektoratet kan foreta eit forskningsbasert fiske i eit avgrensa tidsrom.

Det er innført forbod mot direkte fiske etter øyepål både sør og nord for 62ºN i 2006. Øyepål kan difor berre fiskast som bifangst i fisket etter andre artar.