Historisk arkiv

Regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Nr.: 99/2005
Dato: 16.12.05
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 og avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen i 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og i Skagerrak i 2006. På bakgrunn av den vanskelege bestandssituasjonen for torsk i Nordsjøen, har Noreg og EU fastsett ei totalkvote på 23.305 tonn, noko som er det lågaste nokosinne. Norsk kvote i 2006 er på 3.560 tonn.

Bestandssituasjonen for torsk i Nordsjøen er framleis vanskeleg og det er også i år nødvendig å vidareføre ei streng regulering av dette fisket. Dette inneber at eit direkte fiske etter torsk berre er tillete for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap. Alt trålfiske skal framleis regulerast med strenge bifangstreglar. Bifangstavsetninga til trålarane er redusert til 1000 tonn.

Reguleringa inneber at fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap kan drive eit direktefiske etter torsk innanfor ein gruppekvote på 2.560 tonn i 2006, inklusive bifangst på 300 tonn.

Det er fastsett maksimalkvotar for torskefisket med konvensjonelle reiskap i Nordsjøen i 2006. Fartøy som har adgang til å delta i gruppe I, og som er under 15 meter kan fiske inntil 30 tonn, fartøy mellom 15 og 21 meter kan fiske inntil 60 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 120 tonn. Fartøy i gruppe II som er under 21 meter kan fiske 5 tonn, og fartøy over 21 meter i gruppe II kan fiske maksimalt 20 tonn.

Når gruppekvota er nådd eller fartøyet har fiska si maksimalkvote, kan fartøy som hadde løyve til å delta i direktefisket, ha maksimalt 20% bifangst av torsk i fisket etter andre artar.

Konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter som ikkje har løyve til å delta i direktefisket, kan ha inntil 20 % bifangst av torsk ved fiske etter andre artar.

Fartøy som fiskar med trål kan ha inntil 2,5% bifangst av torsk i fisket etter andre artar.