Historisk arkiv

Regulering av fisket etter uer i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Nr.: 97/2005
Dato: 14.12.2005
Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter uer i 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i norsk økonomisk sone i 2006.

Det har vore sviktande rekruttering i bestanden av vanleg uer sidan tidleg på 1990-talet. Bestanden har også redusert reproduksjonsevne. Toktresultat og fangstratar frå trålfisket viser klar reduksjon i utbreiing. Når det gjeld bestanden av snabeluer, så er årsklassane dei siste 14 åra svake, ein må heilt tilbake til før 1991 for å finne årsklassar som kan bidra til auke i gytebestanden. Felles for begge bestandar av uer er at dei er nær historisk lågmål.

På denne bakgrunn har Fiskeri- og kystdepartementet vedteke ytterlegare innstramming i reglane for fiske etter uer.

Forbodet i år mot direkte fiske etter uer i tidsrommet 20. april – 19. juni vert i 2006 utvida til å gjelde i perioden 1. april til og med 31. mai og i perioden 1. september til og med 30. september.

Bortsett frå denne endringa vert gjeldande reguleringsordningar for fisket etter uer nord for 62°N ført vidare.

Forbodet mot å fiske uer med trål nord for 62°N vert ført vidare, og det same gjeld bifangstprosenten. Dermed kan ein heller ikkje i 2006 ha meir enn 15 % innblanding av uer i fisket etter andre artar. Forbodet mot å fiske med torsketrål og å fiske vassild og kolmule med småmaska trål i enkelte område vert også vidareført i 2006.

Ein minner om at forbodet mot å bruke garn i fisket etter uer med mindre maskevidde enn 120 mm (60 mm halvmaske), blir sett i verk frå 1. januar 2006.

Eit nytt tiltak for å betre bestanden av uer er at det for 2006 vert fastsett forskrift om at det berre skal vere tillate å ha 3 ueryngel som bifangst pr. 10 kg. reke, mot 10 ueryngel pr. 10 kg. reke i 2005.

- Eg håpar at ein utvida fredingsperiode og ein reduksjon i tillaten innblanding av ueryngel i rekefisket saman med dei tiltak som tidlegare er innført vil bidra til å betre bestanden av uer, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet, Vidar Ulriksen.